Årsmøte i Opplev Leikanger 19. februar 2020

Hovudstyret i Opplev Leikanger 2019 – f.v. Hildegunn Hamre, Emilie Pellegrino, Roar Werner Vangsnes, Birgitte Røysum, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl, Astri Knudsen.

Hovudstyret i Opplev Leikanger 2019 – f.v. Hildegunn Hamre, Emilie Pellegrino, Roar Werner Vangsnes, Birgitte Røysum, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl, Astri Knudsen.

 Du vert med dette kalla inn til årsmøte i Opplev Leikanger

Onsdag 19. februar Kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.

 

Bli med på å bidra til korleis de meiner Opplev Leikanger skal jobba og utviklast vidare for lokalsamfunnet i ein ny kommune.

Innkomne saker til årsmøte sendast inn til opplevleikanger@gmail.com før 17 februar  Kl.08.00, slik at vi kan få sendt ut dette til medlemene før folk kjem på årsmøte.  

Sakliste

1. Godkjenning av innkalling og  saklista

2. Val av møteleiar og referent

3. Årsmelding 2019

4. Rekneskap 2019

5. Aktivitetsplan 2020

6. Innkomne saker

7. Kontingentsatsar

8. Val

 

Temakveld  - Leikangersamfunnet inn i ny kommune

Vi er glade for at både ordførar Arnstein Menes,  varaordførar Vibeke Johnsen og formannskapsmedlem Trude Risnes vil vera med denne kvelden.  I tillegg blir styreleiar i Opplev Leikanger Roar Werner Vangsnes med i samtalen, som vert leia av Knut Henning Grepstad

Vi ynskjer alle medlemer hjarteleg velkomen til både årsmøte, ein matbit og den gode samtalen om vidare utvikling i Leikangersamfunnet.

Årsmøtekvelden er open for alle, og ta gjerne med ein eller fleire til Sognefjord Hotel.  

 VEL MØTT

 

Helsing

Roar Werner Vangsnes

Styreleiar i Opplev Leikan

Forrige
Forrige

Årsmelding for Opplev Leikanger 2019

Neste
Neste

Leikanger Jakt-og Fiskelag held årsmøte!