Årsmelding for Opplev Leikanger 2019
Ti år med Opplev Leikanger er i mål.
Organisasjonen blei skipa juni 2009 og er eit Utviklingsforum for næringsliv, lagsliv og privatpersonar i Leikanger. Vi skal jobbe for vekst og utvikling i Leikanger og skape aktivitetar gjennom å kople næringsliv, frivillige lag og privatpersonar i lokale utviklingstiltak. Vi er no vorten ein aktiv samarbeidspartnar med kommunen.
Styret i 2019
Styret i 2019 bestod av følgjande personar, valde på årsmøte i januar.
1. Roar Werner Vangsnes (leiar)
2. Hildegunn Hamre (økonomiansvarleg)
3. Astri Knudsen
4. Emile Pellegrino (skrivar og prosjektleiar for Fruktbare Dagar og førjulsmarknad mm.)
5. Birgitte Loftesnes Røysum
6. Gunn Helen Henne
7. Arnt Ola Fidjestøl
8. Tobias Dahle - vara
9. Tone Oppedal – vara
10. Jack Eggum – vara
Styremøte og prosjektleiarar
Styret har gjennomført 5 styremøte i 2019. Emilie Pellegrino vart engasjert som prosjektleiar i samband med Fruktbare Dagar og Leikangerfesten. På Leikangerfesten engasjerte vi også Bård Henjum som del-prosjektleiar i tillegg til Emilie.
Medlemsutviklinga
Ved utgangen av året hadde vi 149 betalande medlemmar. Av dette er 29 bedrifter, 6 lag og foreiningar og 104 privatmedlemmar. Dette er ein auke på 42 medlemer frå året før. Det er eit par utmeldingar og nokre som ikkje har betalt kontingenten for 2019.
Det er alltid eit mål om å få endå fleire med i organisasjonen. I samband med førjulsmarknaden skreiv 25 personar seg på lista for å bli medlemer i 2020. Auka medlemstal er med på å skape ein sterkare forankring til det arbeidet som vi i styret har som mål å få gjennomført.
For å auke medlemstala framover, er det viktig å fortsette å fortelje kva Opplev Leikanger er og skal vera. Dette er også viktig for å halde på dei eksisterande medlemmene. Vi har etter kvart blitt ein stor organisasjon som ivaretek interessene til innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar. Opplev Leikanger har også som mål å vera ein viktig aktør i utviklingsarbeidet i vår nye kommune – som såg dagens lys 1. januar i år.
Søknader og tilskot
I løpet av året søkte vi midlar frå kommunen til Fruktbare Dagar, både til deler av prosjektleiar stilling, samt Fruktbare Dagar-avis og ulike andre aktivitetar. Søknaden på kr. 110 000,- vart innvilga. I tillegg søkte vi Sparebankstiftinga. Dei løyvde ei gåve på kr. 25 000,-
Vi tok også på oss eit stort arbeid gjennom å administrere Leikanger Festen den 23. november. Til dekning av våre kostnader overførte kommunen Kr. 640 000,- til Opplev Leikanger. Desse midlane vart i si heilheit nytta til å betale for ulike innleigde teneste. Slik sett utførte Opplev Leikanger sin del av jobben gratis. Vi engasjerte Bård Henjum og Emilie Pellegrino som prosjektleiarar. Dei gjorde ein god jobb i samarbeid med Tor Talle frå Leikanger kommune.
Aktivitetar i 2019
23. januar: Årsmøte
Årsmøte i Opplev Leikanger vart gjennomført på Sognefjord Hotel 23. januar 2019. Godt frammøte på kring 50 personar. Vi gjekk gjennom dei vanlege årsmøtesakene, med Knut Henning Grepstad som møteleiar med stø hand.
Økonomien i organisasjonen er god. Dette er eit resultat av stor frivillig innsats, og der vi har klart å styrka arbeidet ved å ha prosjektleiing i samband med Fruktbare Dagar og for førjulsmarknaden .
Etter dei formelle sakene, hadde vi eit spennande foredrag av Odd Arve Rakstad. Han tok oss med på ein flott reise i Leikangerfjella. Han viste fram skilt-arbeidet som er gjort på dugnad, og ikkje minst restaurering av mange gjengrodde stiar i fjellheimen.
4. mars: Temakveld på Villmarka
Vi tok nok ein gong initiativet til ein temakveld og denne gongen kalla vi det «Inspirasjon rundt næringsutvikling» - Korleis utvikle lokalsamfunna vidare inn mot ny kommune?» Bård Huseby ved Fjærland Fjordstue og Per Steinar Melås Villmarka AS gav to inspirerande foredrag til dei rundt 70 personane som møtte fram denne vårkvelden. Det var kjekt at folk både frå Balestrand, Slinde, Sogndal og Kaupanger, saman med Systrendingar, tok turen til denne inspirasjonskvelden.
23. juni: Jonsokfesten
Vi rigga til den tradisjonelle jonsokfesten saman med Sognefjord Hotel, «Polengruppa» og ungdommen som bygde eit flott jonsokbål ved fjorden. Barnehagane stilte opp med jonsokbrudepar og Heidi Eiken stilte som spelekvinne med god musikk frå toradaren sin. I år fekk vi heldigvis tent Jonsokbålet – og det vart ein tradisjonell og fin kveld. Nok ein gong kunne vêrgudane gitt oss meir varme. Det vart likevel god stemning då vi nok ein gong kunne tenna på og brenna opp det største jonsokbålet langs Sognefjorden.
3-6. oktober: Fruktbare Dagar 2019
Fruktbare Dagar 2019 Fruktbare Dagar 2019 hadde eit innhaldsrikt program, der vi fekk gjennomført alle programpostane på ein god måte og mange nytta høve til å vera med på fleire aktivitetar.
I år utfordra vi styremedlem Emilie Pellegrino til å ta på seg prosjektleiinga. Det fungerte svært godt, i tillegg til ein stor dugnadsinnsats frå styret og andre medhjelparar.
Saman med kommunen fekk vi produsert ei «Fruktbar Avis» som vart sendt ut til alle husstandane i Nye Sogndal kommune. Vi fekk til eit godt samarbeid med Leikanger kommune som stilte med mannskap. Dei medverka til opphenging av banner og var med heile laurdagen under torgdagen og med utkøyring av bord og stolar og liknande. Den siste kulturprisen i Leikanger vart delt ut av ordførar Jon Håkon Odd til Leikanger Røde Kors, Hjelpekorpset.
I tillegg har vi utvikla eit godt og fruktbart samarbeid med Systrond Sogelag der både starten med kulturminnekvelden på Sognefjord Hotel og den avsluttande kulturvandringa på Kleppa sundagen, var to høgdepunkt for mange.
Kort resymé av Fruktbare Dagar:
Torsdag:
Etter at barnehagane saman med oss i Opplev Leikanger hadde pynta bygda til fest, opna vi Fruktbare Dagar med kulturminnekveld på Sognefjord Hotell. Vi hadde fått med oss kulturminnedirektør Simen Bjørgen som har ansvaret for kulturminnefondet i Norge. Bortimot 100 personar møtte opp. Emile, med gode hjelparar på kjøkenet på hotellet, serverte utsøkt fingermat til alle frammøtte. Bjørgen gav eit inspirerande foredrag og sette kulturminne på dagorden både for Leikangersamfunnet, men også for heile nye Sogndal kommune. Han utfordra også dei frammøtte, organisasjonar og kommunen til å vera på hogget – bruk kulturminnefondet aktivt i tida som kjem!
Fredag: Med god hjelp frå kommunen fekk vi hengt opp bannerane vi produserte i 2017. Bygda vart pynta til fest og det vart fire flotte haustdagar. Stilfull opning av kunstutstilling på Villmarka med biletkunst av Åge Steinset. Utstillinga stod t gjennom heile helga Ost og øl på Cafe Herman. Ein fin tradisjon som fylte opp lokale. Både gamle og nye smakar i god kombinasjon , vart servert til dei som fann vegen til lokalet Vi gjennomførte oktoberfest i teltet på Borggarden til stor glede både for bygdefolk og tilreisande. Dei lokale bryggeria serverte god drikke.
Laurdag: Aldri har det vore fleire innom Fruktbare Dagar-frukosten, som var svært godt organisert av den trufaste «frukostgjengen». I år var det også «kick-off» for Open Hall i Saften – arrangert av frivilligsentralen etter frukosten- Dette til stor glede spesielt for dei yngste.
Torgdagen var som vanleg godt besøkt med mange nøgde utstillarar. Fleire sel ut alt dei kjem med til torgs. God organisering og logistikken fungerte bra i det «vesle kaoset» som det er når alle torgseljarane kjem nesten på ein gong. Nydeleg ver og god stemning gjennom heile dagen.
NM i plomesteinspytting gjekk av stabelen etter 1 års pause – alle plommene var overmodne i fjor😊. Stor stemning i landets mest uhøgtidlege Norgesmeisterskap.
Kulturprisen vart delt ut på tampen av torgdagen og det var stor glede då ordførar Jon Håkon Odd kunne dele ut den siste Leikangerprisen til Leikanger Røde Kors, Hjelpekorpset.
På ettermiddagen var det markvandring med over 40 besøkande i den nyleg utplanta vinmarka på kring 5 mål i Nybø.
Over 50 fann vegen til Ungdomskveld i Festivalteltet på Borggarden med film og pizza til tenåringane.
På kvelden var det også Fruktbar Fest på Villmarka der det vart fullt hus, og folk måtte vente på å kome inn til andre reiste. Ein svært vellukka fest både for Fruktbare Dagar og for Villmarka AS
Sundag: Vi avslutta Fruktbare Dagar med støls- og kulturvandring på Kleppa. Knut Henning Grepstad og Erik Husabø hadde ansvaret for vandringa som gjekk frå «sentrum på Kleppa» - med start ved Gapahuken og opp til gamle skihytta. Dei fekk også med seg Magne Strand og Lars Håkon Seim til å fortelje om dei store utbyggings- og drifts aktivitetane som Syril har hatt i det flotte rekreasjonsområde i meir moderne tid. I tillegg kom det fleire gode historier frå dei som møtte opp på vandringa. Kring 150 vart med på vandringa som gjekk vidare opp til Husabøstølen og med endepunkt på gamle skihytta. Der venta speidargruppa med kaffi og kaker. Alle fekk også ta ein tur innom og sjå på skihytta, som det no er planar om å restaurere.
I magasinet utgitt av Systrond Sogelag «Systrending» nr. 2/2019, er det skreve ein lengre artikkel om både vandringa og mykje av det som vart formidla under vandringa. For dei som ikkje har fått tak i magasinet oppfordrar vi alle medlemer og andre til skaffe seg eit nummer av dette magasinet. God lesnad.
Fruktbare Dagar er blitt ein viktig og stor folkefest med stor dugnadsinnsats frå organisasjonen. Det er viktig å jobbe for at denne festen blir vedlikehalden slik at Fruktbare Dagar kan halde fram og vidareutviklast inn i framtida. Dette er eit fint tiltak, både for dei som bur her og for dei som er tilreisande.
Bilder frå Fruktbare Dagar 2019 til inspirasjon:
Lys til julegata i førjulstida
Vi fekk hengt opp julegatelysa med god hjelp av Erling Røysum AS. Fleire nye lys er kome opp og vi er no i mål med å fullføre lyssettinga av julegata frå ungdomshuset til Statens Hus. Julegata er med å lysa opp sentrum i Leikanger i førjulstida og fram til minst 20. dag jul.
23. november: Førjulsmarknad i Saften, tenning av julegrana og den store avslutningsfesten for Leikanger kommune.
Som i fjor planlagde Opplev Leikanger Førjulsmarknaden til den tredje helga i november. I tillegg inngjekk vi eit samarbeid med Leikanger kommune om skipe til ein avslutningsfest for innbyggarane i kommunen og med invitasjon til nabokommunane om å kome til bygda.
Opplev Leikanger tok difor på seg å administrere den store festen om kvelden, der vi engasjerte Bård Henjum og Emilie Pellegrino til å vere prosjektleiarar. Dei gjennomførte prosjektet i samarbeid med Tor Talle, som hadde ein prosjektleiarrolle frå Leikanger kommune.
Den 22. november vart det gjennomført Quiz som «vorspiel» i samband med avslutningsfesten. Det vart fullt hus på Villmarka. Opplev Leikanger stilte med dugnadsfolk, i tillegg til dei tilsette i Villmarka.
Kort resymé av førjulsmarknad, julegrantenning og Leikangerfesten:
På julemarknaden rigga Opplev Leikanger midtdelen og austdelen av Saften, då scena til festen om kvelden vart bygd opp mot vestveggen. Kring 20 ulike bodar fylte opp hallen og det var ein straum av folk gjennom heile dagen frå kl. 10.00 – 14.00. I Saften stilte Krudlalaget opp til mini-konsert i år, som i fjor.
Vi avslutta julemarknaden med overgang til julegrantenninga som skjedde 1⁄2 3. Hallen vart rydda effektivt, slik at lydprøvene kunne starta opp i hallen. Borggarden vart fylt opp med masse folk og den siste julegrantenninga i Leikanger kommune var eit faktum. Skulemusikken spelte opp med julesongar til gang rundt treet, og kakemenn vart delt ut til ungane.
På musikkarrangementa i Saften kom det kring 200 ungdommar til den første delen og i overkant av 600 på festen om kvelden. Villmarka, Balder og Turken stod for sal av drikke, skyttarlaget tok på seg vakthaldet og Syril hadde ansvaret for rydding og vasking av hallen. Røde Kors passa på tryggleiken. Til denne dugnadsinnsatsen fekk dei ulike laga til saman kr. 80 000,-av midlane frå kommunen. Opplev Leikanger administrerte dugnaden.
Det vart ein svært vellukka dag og kveld med flotte musikalske innslag frå dei ulike artistane som vart hyra inn til å spela. Vi fekk testa ut hallen som ein god og velfungerande musikkarena med tanke på liknande arrangement for framtida.
Bilder frå Julemarknaden og Leikangerfesten til inspirasjon:
Andre ting
Utstyr til leige bruk og leige i regi av Opplev Leikanger:
Opplev Leikanger har gjennom åra investert i utstyr som kan nyttast i samband med arrangement vi har ansvaret for. Dette gjeld bord, stolar, telt og lydutstyr. Målet er at dette skal kunne leigast for ein rimeleg penge til medlemmane våre. Vi treng nokre kroner til vedlikehald og investeringar.
Noko av det utstyret vi har kjøpt inn står i eit lagerlokale i 1. etasje i Saften, som vi får lånt av Saften AS. Stolane og borda er lagra på eigne traller i 3. etasje. Lydutstyret er lagra på eige rom under tribuna i 3. etasje. Tom Sølve Myklebust har god styring på lydutstyret og det er gjort nye investeringar til lydanlegget i 2019.
I 2019 inngjekk vi vi ein skrifteleg bruks- og leigeavtale med kommunen. Avtalen regulerer bruka av Opplev Leikanger og kommunen sin ressursar, mellom anna kva kommunen sine tilsette skal medverke med på Opplev Leikanger sine tilskipingarl. Vi har vore i kontakt med kommunen om vidareføring av avtalen.
Telta, stolar og borda er også leigd ut til fleire medlemer. I tillegg blir det brukt i kommunale arrangement og til våre eigne festivalar, samt Kjeringi Open.
Vi ser framover
Opplev Leikanger har hatt ein stor aktivitet, spesielt i siste halvdel av 2019. Vi har også ein stadig aukande medlemsmasse. Dette tolkar vi som at innbyggarane er positive til det arbeidet vi gjer med å stimulere til næringsutvikling og å skape bulyst og trivsel i lokalsamfunnet vårt.
No er vi vortne ein del av ein ny kommune. Vi har allereie hatt første møte med Sogndal kommune i januar 2020, for å bli kjende med kvarandre. Det var eit godt møte og ein god inngang til eit nytt år for Opplev Leikanger.
Opplev Leikanger har vore i drift i 10 år. Vi har hatt ei stabil drift tufta på engasjement og dugnadsaktivitet frå eit avgrensa tal medlemer. Medlemstalet har vore sakte aukande fram til for eit par år sidan, då vi fekk eit hopp i spesielt privatmedlemer. Nokre nye næringsverksemder med. Det er positivt. Det er framleis for få lag og organisasjonar som er medlemer. Men med aukande aktivitet dei siste åra er Opplev Leikanger inne i ei positiv utvikling.
Opplev Leikanger har gjennom dei siste ti åra gjort ein stor innsats for Leikanger kommune gjennom m.a. å legge til rette for folkearrangement, bygge ut sti-nett ved fjorden og utvikle ei attraktiv nettside for lokalsamfunnet . Sogndal kommune treng organisasjonar i dei ulike bygdelaga som kan utføre dei oppgåvene Opplev Leikanger har teke ansvar for i Leikanger.
Det tek tid å bygge ein sterk organisasjon. Truleg er det ein god strategi for den nye kommunen å satse på at alle bygdelaga har ein organisasjon som Opplev Leikanger, eller noko liknande.
Vi trur at basisen for arbeidet bør vere frivillig innsats, og med kommunen sine ressursar som ei nødvendig og viktig samarbeidspartnar. For styret er det viktig at vi stadig får med oss nye medlemer. Det er med å gjere oss endå sterkare og samstundes gir det energi og skaparglede for å vidareutvikla lokalsamfunnet vårt.
Leikanger, 1 februar. 2020
For styret i Opplev Leikanger:
Astri Knudsen Hildegunn Hamre Emilie Anne Pellegrino Arnt Ola Fidjestøl
Gunn Helen Henne Birgitte Loftenes Røysum Roar Werner Vangsnes