Opplev Leikanger inviterer til ope møte!

Ny kommune i nytt fylke – kva no med Leikangersamfunnet?

Opplev Leikanger skal ha årsmøte 19. februar på Sognefjord Hotell. I samband med årsmøtet vil vi også arrangere ein samtale om korleis Leikangersamfunnet skal utvikle seg i den nye kommunen. 

Skjermbilde 2020-02-14 kl. 15.44.31.png

Vi er glade for at både ordførar Arnstein Menes, varaordførar Vibeke Johnsen og formannskapsmedlem Trude Risnes vil vera med.  I tillegg blir styreleiar i Opplev Leikanger Roar Werner Vangsnes med i samtalen, som vert leia av Knut Henning Grepstad

Vi trur at samarbeidet mellom kommunen og frivillige utviklingslag- og næringsforeiningar er svært viktig. Difor utfordrar vi Sogndal kommune til å vere med og sjå framover. Kva kan vi saman få til på kort sikt og kva ser vi  i glaskula på lengre sikt? Vi håpar og trur at dette vil vera interessant for alle dei som er opptekne av å utvikle lokalsamfunnet på Leikanger. Og så kan slikt arbeid vera til inspirasjon for folk i alle bygdelaga i Sogndal kommune, og dermed for heile kommunen.  

Opplev Leikanger blei skipa i juni 2009 som eit utviklingsforum for næringsliv, lagsliv og privatpersonar i Leikanger. Vi jobbar for vekst og utvikling i Leikanger. Målet er å skape aktivitetar ved å kople næringslivet, frivillige lag- og organisasjonar og privatpersonar saman i lokale utviklingstiltak. Ein paraplyorganisasjon kan vi vel ha lov å kalle oss?

Difor invitere vi alle til å delta! 

Forrige
Forrige

Innspelsmøte næringsutvikling på Sognefjord Hotel

Neste
Neste

Årsmelding for Opplev Leikanger 2019