Leikanger Jakt-og Fiskelag held årsmøte!
Leikanger Jakt-og Fiskelag held årsmøte i lagshytta på Kleppa torsdag 27.februar kl.19:00
Sakliste, årsmelding, rekneskap vert lagt ut på heimesida: http://www.njff.no/leikanger i veke 9.
Saker som skal takast opp på årsmøte, må vera styret i hende innan 21.februar.
Sakene skal sendast skrifteleg til leiar pr.post eller på e-postadresse: leikanger.jaktogfiskelag@njff.no
Etter årsmøte vert det enkel servering, syning av jaktfilm og sosialt samvær!
NB! Det vert trekt ut premiar blant årsmøtedeltakarane.
Nye og gamle medlemar velkomne!
Helsing styret