Lokalmat til sals!

Fruktbare dagar måtte avlysast, men det er mange lokale godsaker å få kjøpt framover likevel. I tillegg til det som kan handlast direkte frå dei ulike produsentane i bygda, vil det komme nokre seljarar enkeltvis på Borggarden dei neste laurdagane. Seljarane er klare kl. 10, og sel til det er tomt (eller til kl 15).


1ef4206d8a-100620111657.jpg

Skånaliseter Gårdsysteri

16 variantar av geitost, laga ved Børgefjell Nasjonalpark i Røyrvik kommune. Svein som sel osten på torget er fjerde generasjon ystar på Skånaliseter, og lagar ost etter gamle norske tradisjonar og med inspirasjon frå europeisk ostetradisjon.

Laurdag 10. oktober kl 10-15


Honning_frå_fire_lokalitetar_Leikanger.JPG

Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal

Heidi og Anne Sigrids Blomsterhonning kjem frå fire lokalitetar på Leikanger: Grinde, Fosshaga, Halland og Gjerde. Glasa kjem i fleire storleikar: 650g, 500g, 250g, 350g (flytande) og 30g.

Laurdag 10. oktober kl. 10-15


Den 3. oktober var Lærdal Torg her med grønsaker og poteter, Inge Menes med røykt laks og aure, og Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal med honning. Nam-nam!

Forrige
Forrige

Innspelsmøte 26. oktober om vegen vidare for Sogndal kommune

Neste
Neste

AVLYST - Fruktbare dagar 2020