Innspelsmøte 26. oktober om vegen vidare for Sogndal kommune
Bli med på idedugnaden!
Bli med på ope innspelmøte på Systrond 26. oktober kl. 18.00 – 20.00 i Skyttarhuset på Moene: Me ønskjer det store mangfaldet av gode innspel frå deg og alle andre!
Sogndal kommune starta 1. oktober arbeidet med å mobilisere til idedugnadar om den nye samfunnsdelen i kommuneplanen. Eit tredvetals personar frå lag og foreiningar i dei ulike lokalsamfunna var samla til eit første møte. Desse arrangerer no lokale idedugnadar rundt om i bygdelaga i kommunen.
No mobiliserer vi for å få med oss mange systrendingar på eit lokalt innspelsmøte. Vi håpar du blir med! Her vil alle idear og forslag bli skrivne ned og alle er viktige. Det er ikkje eit diskusjons- og debattmøte.
På det lokale innspelsmøtet vil du treffe andre som er engasjerte i lokalsamfunnet sitt, og arbeide i lag om gode idear.
Påmelding innan 23. oktober
Grunna koronasituasjonen treng vi ei oversikt over kor mange som kjem, så det er viktig at du melder deg på så snart som råd – og innan 23. oktober.
Alle er velkomne!
Påmelding til Gunn Helen Henne på e-post; opplevleikanger@gmail.com
Lokale arrangørar for møtet på Leikanger
Dei som var med på det første møtet i Sogndal, og som står for det praktiske som gjeld innspelsmøtet på Leikanger er Per Hauge - Syril, Olav Skarsbø - Skyttarlaget, Knut Henning Grepstad - Røde Kors og Sogelaget, Guro Marie Dyngen - Musikklivet, Gunn Helen Henne og Roar W. Vangsnes - Opplev Leikanger.