«Kor-revy-matine» med koret du berre må sjå

Leikanger mannskor inviterer til ein variert og spennande underhaldningskveld i Saften den 7. og 8. november.

IMG_9240.jpg

Jubileum og viktig å halde tradisjonen i hevd

Ein haustdag 8 år etter at den førre pandemien – spanskesyken  - her i landet og verda over, vart koret etablert i 1925. For 60 år sidan starta mannskoret med underhaldningskveld i ungdomshuset. Denne utvikla seg til palmerevyen som vi feira med 60 samanhengande kor- underhaldning og revykveldar i fjor, seier revysjef Roar Werner Vangsnes. Så kom det ein ny pandemi, og palmerevyen måtte utsetjast. No er målet å halda tradisjonen i hevd med å kombinere korsong, revynummer og saman med gjester på scena første helga i november, seier han.

Leikanger Mannskor – «koret du berre må sjå»

… sa Hans Jakob Reite, då han skreiv boka om palmerevyen  i 2005. Vi har utvikla oss som eit typisk revykor, seier Vangsnes. I kor-revy-matine’en vil  vi vise begge sidene av oss og både korsongen og revyvisene blir bundne saman med ein humoristisk snert som skal få publikum til å kosa seg OYE. Vi  tek fram friske kornummer, og viser korleis korsongane kan brukast på raffinerte måtar når vi set på oss revybrillene. Difor hentar vi fram nokre gamle revynummer, men for oss som er oppteken av skråblikk på dagsaktuelle hendingar, har vi også øvd inn helt ferske revynummer.  

Inviterer gjester med på laget

Ved inngangen til 2020 inviterte vi Systrond damekor til å vera med å synga saman med oss sidan dei mangla dirigent. Det har vore kjekt, og det vart ei spesiell tid med nedstenging av landet og kora øvde vidare på digitale plattformar gjennom våren. Det resulterte i ein opptreden under opninga av nye Leikanger Fjord Hotell i juni og ein konsert i september i den nye fylkestingssalen, før damekoret fekk ny dirigent. No har vi invitert dei med på scena i november. I tillegg har våre «geriatrikameratar» Odd og Henning vore i full sving med å skiva «coronaviser» sidan før påske. Dei er på plass med innslag i Saften saman med resten av koret. No gledar vi oss til å levere ein festkveld i Saften, avsluttar revysjefen for mannskoret.

Billettar

Meir informasjon om arrangementet og korleis du kan ordne deg billettar finn du på Facebook: https://www.facebook.com/events/625220991491129/

Forrige
Forrige

Honning til jul? Og ein Leikangerkalender?

Neste
Neste

Innspelsmøte 26. oktober om vegen vidare for Sogndal kommune