AVLYST - Fruktbare dagar 2020
Med bakgrunn i nye direktiv frå FHI om arrangement som kom i slutten av sist veke, har Opplev Leikanger på styremøte i kveld (28.09) - gjort vedtak om å avlysa Fruktbare dagar 2020 som var planlagde 3 og 4 oktober d.å.
Vi har hatt ein grundig diskusjon og gjennomgang og fann det mest forsvarleg å avlysa arrangementa både laurdag og sundag.
Styret i Opplev Leikanger er lei seg for at det tradisjonelle arrangementet må avlysast, men vi kjem sterkare attende.
Med helsing
Roar Werner Vangsnes
Styreleiar i Opplev Leikanger