Lokalmat til jul?
Laurdagar i desember kjem det torgseljarar til Saften med mykje godt å selje. Ver om deg og sikre deg både søtt og salt til jul! Seljarane er klare kl. 10, og sel til det er tomt (eller til kl 15). Denne sida vert oppdatert med ev. fleire seljarar inn mot kvar laurdag.
Gullbia
Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal sin honning kjem frå fire lokalitetar på Leikanger: Grinde, Fosshaga, Halland og Gjerde.
Laurdag 18. desember kl 10-15
Menes
Prima røykt laks og aure frå Inge Menes.
Ver tidleg ute, dette plar å gå unna!
Laurdag 18. desember kl 10-15
Godsaker frå tidlegare laurdagar
Med røykjelaks eller -aure frå Inge Menes og pinnekjøt og spekemat frå Vikja, er julematen trygt i boks.
Njøsagarden Kvaole
Yada Thaimat
Vikja
11. desember: Kjempegode spekepølser og dei finaste geiteskinn frå Njøsagarden Kvaole
11. desember: Vårrullar i lange baner frå Yada Thaimat - proppfulle med lokale grønsaker og i fleire variantar: vegan, kylling og fjellgris frå Valdres
4. og 11. desember: Førsteklasses pinnekjøt og spekemat frå Vikja