Oppdrag "Førjulskos på Leikanger"
Skulane og barnehagane vert utfordra til å pynte eit tre i sentrum før jul, til glede for alle i bygda! Beste tre vinn premie. Påmelding innan 30. november.
For å skape juleglede og koseleg julestemning på Leikanger, ønsker Frivilligsentralen og Opplev Leikanger å utfordre skuleklassar og barnehagar til å pynte kvar sitt tre utanfor Saften og i parken. Dette var ein stor suksess i fjor, så me vil gjere dette i år også!
Det vert kåring av det mest kreative og flottaste treet, og vinnaren får ein pengepremie som kan donerast til valfri organisasjon.
Retningslinjer:
Påmelding til leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune.no eller telefon 94136251 innan tysdag 30 november.
Når de har meldt dykk på, vil de få tildelt eit tre som de skal pynte.Pynten må tåle å henge ute i regn og vind
Pynten må ikkje henge så langt ned at den kan skade bilar som står parkert
Tenk miljøvennlig og ver kreativ!
Ein kan kun pynte tildelt tre som ein får ved påmelding
Treet bør pyntast innan 8 desember, men jo fortare jo betre! :)
Vinnaren blir kåra 17 desember av tilsette ved frivilligsentralen saman med styret til Opplev Leikanger.
Me håpar så mange som mulig ønsker å delta :)
Med venleg helsing
Leikanger Frivilligsentral og Opplev Leikanger