Julehelsing frå styret

Styret i Opplev Leikanger ser attende på eit både spennande og utfordrande år. Pandemisituasjonen gjorde at nokre av dei planlagde aktivitetane vart avlyst og nokre ting vart utsett, men heldigvis fekk vi gjennomført stordugnaden med «gjenopning» av Fruktbare dagar i starten på oktober i år.

Vi er svært glade for at Sparebankstiftinga støtta oss og Fruktbare dagar med kr. 50 000,-. Tusen takk for støtta frå mange i næringslivet, som gjorde at vi kom i mål med dei utgiftene vi hadde i samband med arrangementet. Og ikkje minst til alle som var med og bidrog på dugnaden, der vi gjennomførte 10 arrangement på tre dagar.


Sparebanken Sogn og Fjordane inviterte inn til ein prat og for å overrekke gåvesjekken på kr 50 000,- Frå styret stilte Roar W Vangsnes, Hildegunn Hamre og Emilie Pellegrino saman med Lailia Ruud frå banken.


Årsmøtet vårt vart utsett til juni i år. Der sette vi fokus på utfartsområda våre, og det skapte mykje positivt engasjement både i kommunen, hjå grunneigarane og privatpersonar.

Vi er glade for alle verksemder, lag og foreiningar og privatpersonar som støttar Opplev Leikanger. For de som har gløymt å betala inn medlemskontingenten for 2021, så er det framleis moglegheit for det 😊 – kontonummeret er 3781 07 30502.

No har vi tent julegata gjennom sentrum og ynskjer alle ei fredfull God Jul og ikkje minst eit Godt Nytt År – og vi håpar på eit framgangsrikt år for det flotte lokalsamfunnet vårt.

Med helsing frå oss i styret i Opplev Leikanger

Emilie Pellegrino, Hildegunn Hamre, Birgitte Røysum, Leif Inge Husabø, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl og Roar Werner Vangsnes

Forrige
Forrige

Velkomen på årsmøte 24. februar!

Neste
Neste

Lokalmat til jul?