Velkomen på årsmøte 24. februar!

Vi held årsmøte i Opplev Leikanger og inviterer til ope møte om kva som gjer Leikanger til den beste staden å bu i heile Sogn, torsdag den 24. februar kl. 19.30 på Leikanger Fjord Hotel.

Både årsmøtet og det opne møtet er ope for alle. Mellom årsmøtedelen og det opne møtet blir det lett servering.

 

Årsmøte

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og saklista

  2. Val av møteleiar og referent

  3. Årsmelding 2021

  4. Rekneskap 2021

  5. Aktivitetsplan 2022

  6. Innkomne saker

  7. Kontingentsatsar

  8. Val

Årsmøtedokumenta er sendt ut til alle medlemmer på e-post.

 

Ope møte: “Her vil eg bu!”

Masse folk kjem kvart år til spennande og trygge jobbar på Leikanger og i Sogndal kommune. Nokre er tilflyttarar. Andre er tilbakeflyttarar – som kjem heimatt! Vi prøver å få alle til å slå seg ned og bli buande hjå oss på Leikanger!

Vi brukar omtanke, tid og krefter på å legge godt til rette. Men likevel opplever vi altfor ofte at dei ikkje kjem til oss. Eller at dei reiser frå oss.

Kva skal til for at vi skal få alle desse kjekke folka til å kome til Leikanger? At dei skal oppleve og bli kjende med oss? At dei skal bli verande? Rett og slett bli ein av oss! Få dei til å utbryte - smilande, glade og i begeistring:

«JA, HER VIL EG BU!»

Dette er spørsmål Opplev Leikanger vil invitere til å drøfte i samband årsmøtet.

Kom og høyr på kva som blir sagt. Her kan du også vere med å gje dine synspunkt. Vi prøver å finne fram til kva som trengst for å gjere Leikanger til den trivelegaste og beste staden å bu!

To tilflyttarar til Leikanger, Mari Aune frå Hommelvik og Kristian Lilleeng Skjellaug frå Tynset, vil halde ei kort innleiing. Saman med ordførar Arnstein Menes og kommuneadministrasjonen blir dei med i eit panel som diskuterer temaet «her vil eg bu».

 

Hjarteleg velkomne på torsdag, alle saman - Og ta gjerne med naboen, eller andre du kjenner! 😊

Forrige
Forrige

Årsmøte i sogelaget

Neste
Neste

Julehelsing frå styret