Velkommen til tettstadvandring på Leikanger laurdag 11. januar.

framsidebilde-fruktbart magasin.jpg

Som del av markeringa av nye Sogndal kommune, inviterer vi til bygdevandring på Leikanger laurdag 11. januar kl. 14:00!

Vi møtest framfor Sognefjord hotel.

Eg legg opp til ei triveleg «reise» gjennom nokre sentrale deler av Leikanger si historie. På vandringa skal eg prøve å nå innom tema som geografi, næringsvegar, byråkrati, politikk, kultur og folkesjela i bygda. Men det må bli smakebitar i eit rikt stofftilfang. Ruta vert omtrent slik: Sognefjord Hotel på Nokkaneset – Njøsabakken – Njøs – Trisparvollen – utsikten over midtre og ytre bygda – Dalareina – Dala-urdi – Riverdalen – Saften.

Seinare på laurdagen - frå kl. 18:00 – kl. 20:00 - kan de få med dykk Sogndal kommune sin gratis festførestilling i Leikangerhallen. Arrangementet er gratis, men du må reservera billettar på førehand på https://www.deltager.no/festforestilling#init

Desse er med:
Bufaste Tonar - Dans Utan Grenser - Olav Stedje - Lena Skjerdal trio og kråkebollane - Gunn Marit Kvåle -Distriktsmusikarane i Sogn - Second Hand Saints - Hard To Live – Krudlalaget – Godt Blanda
Nye samarbeid:
Medlemmar frå Sogndal Trekkspelklubb, Bjørn Tore Årøy, Tom Karlsrud og Jørn Holen spelar Windir
Revyane i den nye kommunen møtest på scena, det same gjer kora, dirigert av Kari Malmanger
Det vert innslag frå Ivar Bruheim (lyrikar) - Jarle Kvåle (musikar) - Janne Nes (kunstnar) - Vilde Jensen Hjetland (kunstnar) - Marianne Hoff (Balestrand kunstlag)

https://www.facebook.com/events/520274351912811/?active_tab=about

Systrond sogelag v/ leiar Knut Henning Grepstad – www.systrondsogelag.no  info@systrondsogelag.no  leiar@systrondsogelag.no

 

Forrige
Forrige

Jegerprøven 2020

Neste
Neste

Flott markering av bygda på Leikangerfesten den 23. november 2019