Flott markering av bygda på Leikangerfesten den 23. november 2019
Opplev Leikanger fekk gleda av å administrera Leikangerfesten på vegne av - og saman med kommunen. To unge dyktige prosjektleiarar, Bård Henjum og Emile Pellegrino fekk oppgåva, og saman med Tor Talle frå Leikanger kommune og stor lokal frivillig innsats, vart det ein folkefest over to dagar. Fredagen starta med Quiz i Villmarka. På laurdagen heldt vi fram med julemarknad i Saften, julegrantenning på Borggarden før det heile vart avslutta med ungdomskonsert og rockekonsert i Saften.
Tusen takk for godt oppmøte på alle arrangementa. Vi håpar alle innbyggarane i vårt flotte lokalsamfunn får ei fin førjulstid inn mot juleferinga og over i ny kommune frå 1. januar.
For Opplev Leikanger har det vore eit spennande år, der vi har hatt gleda av å skipa til fleire store arrangement for bygdefolket og besøkande.
Vi vil gjerne ha fleire verksemder, organisasjonar og privatpersonar med på laget - ta utfordringa og nytt sjansen til å bli med i Opplev Leikanger som støttemedlem.
For styret i Opplev Leikanger
Roar Werner Vangsnes
Styreleiar.