Status for aktivitet i Opplev Leikanger
Corona-tida ser ut til å vere på hell, sjølv om vi framleis må vere varsame. Opplev Leikanger har som mange andre «sete litt stille i båten» dei siste månadene. Heldigvis fekk vi vi gjennomført årsmøte i februar før Norge stengte ned.
Her kjem ei lita oppdatering frå oss i styret.
Sjølv om det ikkje har vore så mykje aktivitet, så har vi jobba med del 2. av skiltprosjektet for Leikanger. Vi samarbeider godt saman med Systrond Sogelag og Knut Henning Grepstad er prosjektleiar. Vi har 13 nye skilt og 3 oppdateringar som blir snart sett i produksjon. Målet er at vi skal ha alle skilta montert slik at vi kan ha ei markering av arbeidet under Fruktbare Dagar første helga i oktober. Vi kjem med oppdatering om framdrifta på våre nettsider.
Den etter kvart tradisjonsrike Jonsokfesten den 23. juni på Nokkaneset som vi starta for 10 år sidan, må dessverre avlysast på grunn av Corona-situasjonen.
Men vi er i gang med å legge til rette for Fruktbare Dagar – som etter planen vil gå av stabelen 1. til 4. oktober, dersom utviklinga av pandemien gjer det mogleg. Vi har god dialog med Leikanger Frivilligsentral som blir ein viktig samarbeidspartnar under årets arrangement. Det ser vi fram til.
Det er sommartid, og vi har både bord, stolar og telt til utleige til ein billeg pris for alle medlemene – sjå vår nettside.
Det er spennande for Opplev Leikanger når vi no er ein del av Sogndal kommune. Vi håpar at vi også kan dra vekslar på det samarbeidet vi har hatt med gamle Leikanger kommune og ikkje minst utvikla det vidare til gjensidig fordel både for Leikangersamfunnet og for heile kommunen.
Vi er heile tida oppteken av å auke medlemstalet i Opplev Leikanger. Vi ynskjer alle til å støtte opp som medlem. Det kostar lite – men betyr mykje for oss som «styrer på» 😊 Meld deg inn i dag.
Ta kontakt med oss dersom det skulle vera noko som de meiner er viktig at Opplev Leikanger kan og bør vere med å påverka.
Vi ønskjer alle ei god sommar og ser fram til ein aktiv haust.
For styret
Roar Werner Vangsnes
Styreleiar