Opplev Leikanger i Koronatider

Langs riksvegen blømer plommetreet ved Tinghuset, også kalla «Kjeringi-Open-treet» som alltid er i bløming under «vaorens vidlaste eventyr» som dessverre vart avlyst dette året .

Langs riksvegen blømer plommetreet ved Tinghuset, også kalla «Kjeringi-Open-treet» som alltid er i bløming under «vaorens vidlaste eventyr» som dessverre vart avlyst dette året .

Kjære alle sambygdingar.

For Opplev Leikanger har våren alltid vore «ei stille tid», der arrangementa som jonsokfest, Fruktbare Dagar og førjulsmesse etter kvart kjem på løpande band til glede for oss som bur her og besøkande som tek turen til vakre Systrondsbygda

Vi veit ikkje, men håpar at det blir opna opp slik også desse folkearrangementa kan bli gjennomført i tillegg til alt anna som ventar på normal-livet. 

Vi er glade for at vi fekk gjennomført årsmøte i tide. Med politisk leiing i Nye Sogndal kommune på plass og eit godt frammøte, vart det ein god start. Vi er glade for at det er stadig nye som støttar opp om Opplev Leikanger, og vi treng endå fleire støttemedlemer i det dugnadsarbeidet vi gjer. Info om å bli støttemedlem finn de på heimesida: http://www.opplevleikanger.no/bli-medlem

Som mange kjenner til så fekk vi for 4 år sidan satt opp 15 informasjonsskilt frå Leikanger til Hermansverk langs riksvegen og ei sløyfe via Henjatunet og Njøs. Målet vårt er å få produsert tekstar til 15 nye skilt frå Hella til Kløvi, og målet er at det skal vera klart til Fruktbare Dagar i første helga i oktober d.å. Vi er i skrivande stund godt i gang med tekstutforming på fleire av dei nye skilta. Vi håpar de stoppar og friskar opp historia medan de går på turane rundt om i bygda.

Vi har også eit mål om å oppdatera vår heimeside www.opplevleikager.no . Her treng vi også tilbakemeldingar og informasjon og  gjerne relevante foto etc.. frå dykk. Kom gjerne med spørsmål og kommentarar til oss på vår e-post; opplevleikanger@gmail.com.

Ha ei god påske og ein fin vår alle saman!

For styret i Opplev Leikanger

Roar Werner Vangsnes

Styreleiar i Opplev Leikanger

Forrige
Forrige

Status for aktivitet i Opplev Leikanger

Neste
Neste

Styret i Opplev Leikanger for 2020