Opplev Leikanger med viktig årsmøte

Kommunen sine planar om framtida for Saften – ute og inne – vart grundig diskutert!


Tage Richard Sundell frå Sogndal kommune gjekk igjennom skissene som er utarbeida så langt. Foto: Roar Werner Vangsnes.


Det var stort engasjement då systrendingane fylte opp festsalen på Sognefjord Hotel den 2. mars i samband med at Opplev Leikanger sitt årsmøte også fekk orientering om Saften – ute og inne.

Sogndal kommune brukte Opplev Leikanger sitt årsmøte som arbeidsverkstad. Det vart orientert om planane og folk få fram syn på korleis dei ønskjer at dette viktige sentrumsområde og bygningen skal nyttast. Kvelden vart ein god arena for samarbeid mellom kommunen og innbyggarane med Opplev Leikanger som tilretteleggjar.

Dei 80 frammøtte leverte mange gode innspel på korleis Saften og området utanfor kan stå fram som ein viktig møteplass når prosjektet etter planen skal stå klart i 2025.


Stor engasjement blant systrendingane under arbeidsverkstaden på Sognefjord Hotel. Foto: Roar Werner Vangsnes


Saften må bli både ein god møteplass for bygda i kvardagen, ein fin fest- og marknadsplass når det trengst og ein møtestad for tilreisande til bygda. I tillegg skal den kommunale administrasjonen ha tilhald på Saften.

Torkjel Solbraa og Tage Rickard Sundell frå kommunen sette kveik i forsamlinga med ein omfattande gjennomgang av kva kommunen ønskjer å få plass til. Innspela frå forsamlinga vart følgd opp med gode spørsmål og kommentarar.


Tage Richard Sundell og Torkjel Solbraa kunne gleda seg over mange innspel under arbeidsverkstaden og med ein ein ordførar som var med på arbeidet rundt bordet. Foto: Roar Werner Vangsnes.


Kommunen sine representantar kunne reise heim med klar forståing av at Systrendingane er sterkt opptekne av at denne viktige møteplassen på Systrond får ei god utforming. Og folket ville ha plassen klar så raskt som mogeleg.

Opplev Leikanger vil oppmoda innbyggarane til å vera aktive i det arbeidet som skal skje vidare.

Forrige
Forrige

Skytetider på Kleppa fram til ferien

Neste
Neste

Grindsfjella ventar på deg!