Grindsfjella ventar på deg!
Grindsfjella har noko for alle - både flotte bortoverturar og toppturar med flotte nedkøyringar. Foto: Roar Werner Vangsnes
Vegen til skiparadis, spør du? Køyr ca. 3 km vest for Leikanger på riksveg 13 før du tar av til Eggjavegen, og etter ca. 300 meter tar du første vegen til venstre, oppover Huksdalen. Etter ca. 7 km ligg parkeringsplassen på Navarsetmyrane. Der ventar eit flott og variert skiområde og fantastiske skiopplevingar!
Opplev Leikanger fekk kopla Sogndal kommune og grunneigarane i Huksdalen til legge til rette for eit 3-årig prosjekt med vinterbrøyta veg vinteren 2022. Med bomveg på kr. 130,- saman med eit spleiselag frå kommunen har det opna eit nytt flott og tilgjengeleg område både vinter og sommar.
Det er ny vintersesongsesong. Grunneigarane i veglaget har god kontroll på brøytinga, og informerer godt gjennom Facebookgruppa «Huksdalen på ski». Det er berre å ta turen opp i dette flotte fjellområdet.
Grindsfjella gir moglegheiter for turar for ein kvar smak.
Andre turforslag i dette flotte området finn du på denne sida vår.
Fin og stor parkeringsplass på Navarsetemyrane. Foto: Roar Werner Vangsnes
Frå parkeringsplassen er det kort veg opp til Stavseteområdet, og det er flott å gå vidare innover til Stavatjødn med fjelltoppane omkransa på begge sider.
Etter ein kort tur frå parkeringsplassen ligg Stavsete. Foto: Roar Werner Vangsnes
Et flott turfølgje på veg opp mot Sauaholten. Foto: Roar Werner Vangsnes
For dei meir spreke ligg det spennande fjelltoppar både mot vest og aust. Den kortaste fjelltoppen på vestsida er Sauaholten 1181 m.o.h, medan lenger mot vest og høgare opp ventar både Troeggji og Stav på deg. Då har du nådd ei høgde over 1450 meter over havet. På austsida ligg Kaldekletten 1319 moh og Svinedalseggji 1344 m.o.h og mange tek også turen inn på Voggebreen på 1570 meter over havet.
Flott og snilt skiterreng etter Stavsete møter deg der du kan gå innover mot Stavatjødn dersom du vil halde deg nede i dalområdet. Foto: Roar Werner Vangsnes
På toppen av Stav er det flott utsikt attende til Sognefjorden. Foto: Roar Werner Vangsnes
Går du nede i dalbotn er du trygg med omsyn til snøskred, medan det er alltid er viktig å sjekke skredvarslinga når du har tenkt deg opp på ein av fjelltoppane.
«Grindsfjedle kadla pao deg»