Program for Fruktbare dagar 2024

Velkomen til ei fruktbar langhelg på Leikanger frå torsdag 3. til søndag 6. okt.!
OBS: programmet blir oppdatert med siste nytt/endringar heilt inn mot festivalstart.


Torsdag 3. oktober

Fredag 4. oktober

Laurdag 6. oktober

Søndag 6. oktober

Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar

Takk til dei gode sponsorane våre!


Torsdag 3. oktober

  • Den store eplekassen frå Sogn Frukt og Grønt kjem på plass utanfor Saften, med gratis smak av lokale eple til alle

  • Haustkunst frå barnehagane og barneskulen pyntar opp i sentrum, og Lerum sponsar jus til ungane som har vore med og pynta,

  • Fruktbart kakebord kl. 13-18 på Leikanger Frivilligsentral - LF Riverdal Møteplass, med kaker laga av lokal frukt.


Fredag 4. oktober

  • Fruktbart kakebord kl. 9-14 på Leikanger Frivilligsentral - LF Riverdal Møteplass, med kaker laga av lokal frukt.

  • Kom, høyr, sjå og smak kva som skjer på Njøs frukt- og bærsenter kl. 15.30-16.30, med Stein Harald Hjeltnes og teamet

  • Opning av kunstutstilling i Skald sine lokale på Gamlehotellet kl. 16-19. Biletkunst frå Galleri Vang/Grete Lund Johannesen og glaskunst frå Solsikka Glasdesign.

  • Norsk-ukrainsk kulturkveld kl. 18 i Saften

    • Oleksandra Deineko er forskar ved Oslo Met og flyktning frå Ukraina. Ho deler interessante funn frå forskinga si på integrering av ukrainske flyktningar i Noreg. Innlegget er på norsk.

    • Musikalske innslag med ukrainske og norske musikarar

    • Korsong frå Systrond Damekor og det ukrainske koret Vishivanka

  • Ungdomsdiskotek med DJ Trym på Leikanger Fjordhotel kl. 19-22. Gratis pizza. Rusfritt arrangement i regi av Opplev Leikanger, Leikanger Frivilligsentral, m.fl

  • Pubkveld på Villmarka frå kl. 20, med pizzabuffet.


Laurdag 5. oktober

  • Torgdag i sentrum med marknad og aktivitetar heile dagen.
    Merk at det vert sterkt avgrensa parkering utanfor Saften. Det er gode parkeringingsmoglegheiter rundtom ved dei offentlege bygga (NAV, fylkeskommune, vegvesen, Statens Hus).

    • Fruktbar frukost med gratis mat til alle i Leikangerhallen kl. 09-11, i samarbeid med Kiwi og Coop Prix. Under frukosten vert det også klatring med Systrond 1 speidargruppe. Og kanskje nokre pop-up kulturinnslag?

    • Marknad kl. 10-15 med lokal frukt, mat og drikke, handverk og aktivitetar.
      Sjå oversikt over torgseljarane og utstillarane våre lenger nede på sida.

    • Kunstutstillingar:

      • Johanne Malene Teigen og Solveig Vagstad stiller ut måleri i Riverdal kafe kl. 9-15.

      • Grete Lund Johannesen frå Galleri Vang stiller ut biletkunst og Solsikka Glasdesign stiller ut glaskunst i lokala til Skald i Gamlehotellet, ope kl. 12-18.

    • Leikanger bibiliotek held ope kl. 11-14.

    • Open hall for barn og unge kl. 12-15 i Leikangerhallen med Leikanger Frivilligsentral

    • Minikonsert med 100-årsjubilanten Leikanger Musikklag på torget kl. 13.

    • Laserskyting i Saften med Leikanger Skyttarlag. Trekking av Leikanger Skyttarlag sitt lotteri ca. kl. 14.

    • Beredskapsetatane har stand med Eliasbåten frå Redningsselskapet, snøskuter frå Leikanger Røde Kors, brannbil frå Sogn brann og redning, og ambulanse frå Ambulansetenesta.

    • Leikanger barneskule stiller opp med eplepressa si, og pressar frukt for dei som vil

    • Leikanger Jakt- og Fiskelag og Osland Genetics AS deler ut gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt

    • Loppemarknad i regi av Leikanger skulemusikk

  • Vinsmaking og formidling om lokale vinar frå Sognefjorden kl. 18 på Leikanger Fjordhotel. Billett kr 150. Påmelding på epost: leikangerfjordhotel@unikehoteller.no.

  • Trerettars fruktbar meny med lokal vin frå Husabø Vingard kl. 20 på Leikanger Fjordhotel. Påmelding seinast onsdag 2. oktober på epost: leikangerfjordhotel@unikehoteller.no. Menyen består av Sjøkreps bisque til forrett, Kveite med eplesaus av lokale eple og haustens grønsaker til hovudrett, og Trilogi av lokale frukt og bær til dessert. Pris 695 kr. Vinpakke med lokale vinar i tillegg.


Søndag 6. oktober

  • Kunstutstillinga i lokala til Skald på Gamlehotellet held ope kl. 11-16, Grete Lund Johannesen frå Galleri Vang stiller ut biletkunst og Solsikka Glassdesign stiller ut glaskunst.

  • Bygdevandring med Knut Henning Grepstad frå Systrond Sogelag kl. 12. Tema er Systrond som jordbruksbygd, med spor tilbake til dei første jorddyrkarane, og historiske linjer som strekker seg fram til våre dagar. Knut Henning er guide med eit oppkome av kunnskap, i lag med Marit Anita Skrede.
    Oppmøtestad: utanfor Leikanger sjukeheim.

  • Tur med Barnas Turlag til ?

  • Afternoon Tea kl. 14.30 på Leikanger Fjordhotel. Påmelding på epost: leikangerfjordhotel@unikehoteller.no.


Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne

Epledama vår er laga av Janne Nes

Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne


Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar

HER KJEM OVERSIKTA OVER ALLE SOM KJEM PÅ MARKNADEN - SJÅ MEIR INFO OM KVAR AV DEI PÅ DENNE SIDA

Lokalmat og drikke

Andre varer

Lag og foreiningar sine aktivitetar


Takk til dei gode sponsorane våre!

 
 
 
Neste
Neste

Kven kjem til torgs i 2024?