Kven kjem til torgs i 2024?

Her presenterer vi torghandlarane som kjem på marknaden på Fruktbare dagar, laurdag 5. oktober.


NB - SIDA ER UNDER OPPDATERING


Foto: Aguiar Bartending & Mixology

Aguiar Bartending & Mixology

Aguiar Bartending & Mixology lager spennende, alkoholfrie drinkar av nøye utvalde lokale produkter og råvarer. Heimelaga sirup, juice og nektar frå kjende gardar i området, og frukt frå nærområdet utgjer grunnlaget for desse magiske drikkane.

Produkt: Alkoholfrie cocktails m.m.


Foto: Alm Gard

Alm Gard Iskrem

Laurien Geerse og Guus Morel frå Alm Gard kjem over fjorden frå Feios og har med seg økologiske ostar, økologisk is og honning i vogna si.

Produkt: Ost, is og honning


Foto: Leif Inge Husabø

Baldervoll frukt- og vingard

Iselin Kjelsaas og Leif Inge Husabø kjem med lekre, lokale eple i både nyplukka og tørka fasong. Kassesal av eplesorten aroma.

Produkt: Eple og tørka eple.


Foto: Borgund Vedovnsbakeri / Facebook

Borgund Vedovnsbakeri

Matias Askvik frå Borgund Vedovnsbakeri tryllar fram dei lekraste brød og bakevarer frå vedovnen sin i bakstekjellaren på Borgund i Lærdal.

Produkt: Surdeigsbrød og anna bakst.


Foto: Gunn Helen Henne

Dalsgarden - Magne Opthun

Aud Torun Strømseng og Magne Opthun kjem med knallgode eple og eplemost produsert lokalt på Dalsgarden. Kassesal av eplesortane gul gravenstein og aroma.

Produkt: Eple og eplemost.


Foto: Knut Eggum

Eggjane Gard - Knut Eggum

Knut sine kubar står på Eggja. Biene flyg ned på Hamre, Fosshagen og Fosse og på blomsterengene på Eggja, og sankar nektar frå ei mengd ulike blomar. Dette er sommarhonning av beste sort!

Produkt: Honning


Foto: Frk. Engsbråten

Frk. Engsbråten

Frk.Engsbråten kommer med masse håndlaget Munngodt!

Produkt: heimelaga godteri, sukkerspinn


Galleri Vang -
Grete Lund Johannesen

Grete Lund Johannesen frå Galleri Vang har salsutstilling i lokala til Skald i Gamlehotellet fredag til søndag.

Produkt: måleri og teikningar.

Foto: Grete Lund Johannesen


Foto: Anne Sigrid Skjerdal / Facebook

Gullbia

Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal sine bier lagar deilig honning frå lokale frukthagar på Gjerde, Grinde, Fosshaga, Halland, Lomelde og Lunden.

Heidi Eiken har også med seg eigenproduserte lammeskinn.

Produkt: Honning og lammeskinn.



Foto: henjatunet.no

Henjatunet Eggjagarden

Produkt: Eplesaft av eigne eple.


Foto: Johanne Malene Teigen

Johanne Malene Teigen

Johanne stiller ut kunst i RiverDal-kafeen i Saften laurdag kl. 9-15.

Produkt: Bilete i akryl og grafikk.


Foto: Keipen Lokalmat

Keipen Lokalmat

Røyking av laks har lange tradisjonar her i Sogn. Me gjer det på gamlemåten. Me tørrsaltar før me kaldrøykjer og slik får me ein god balanse mellom det reine, salte og røykte. Visste du at det tek over hundre timar å lage røykelaksen me sel?

Produkt: Røykt aure og laks.


Leikanger Jakt- og Fiskelag og Osland AS

Gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt


Foto: Leikanger skulemusikk

Loppemarknad - Leikanger skulemusikk

Leikanger skulemusikk inviterer til årets største loppemarknad laurdag 5. oktober, der du kan finne både gode bruktkjøp og retroskattar. Loppemarknaden finn stad utanfor Saften. Marknadsbodene opnar kl. 10 og held ope til kl. 15.

Kontaktperson: Karina Nerland og Katrine R. Wilson

Har du lopper å donere? Meir info på https://leikanger.skulemusikk.no/loppemarknad


Foto: Lærdal Torg / Facebook

Lærdal Torg

Ernesto Labarca frå Lærdal Torg kjem med lastebilen full av poteter og mange slags grønsaker. Her får du som alltid gode og fine poteter m.m. som kan lagrast utover vinteren!

Produkt: Grønsaker og poteter.


Foto: maraashjort.no

Marås Hjort

Siv Merete og Knut Marås i Marås Hjort driv hjortefarm i Mørkridsdalen, der dei produserer snaddermat av ekte lustrahjort.

Produkt: Spekepølser og hjortekjøt.


Foto: kvaole.com

Njøsagarden Kvaole

Njøsagarden Kvaole i Sogndal har Jostein og Jorunn Kvåle glade geiter som produserer skinn, ull og kjøt av beste kvalitet.

Produkt: Geiteskinn og kasjmirgarn, spekepølse av geit.


Foto: sognamost.no

Norane Fruktgard / Sognamost

Produkt: Sognamost.


Foto: Salah Khaled

Salah Khaled

Salah Khaled kjem med Sognahonning frå Sogndal.

Produkt: honning


Foto: Skjerdal Stølsysteri

Skjerdal Stølsysteri

www.skjerdal.com

Produkt: Kvit og brun geitost, spekepølse , eplesaft, kjeskinn


Foto: Smedegaard Smithing/Facebook

Smedegaard Smithing

På Hafslo i Luster produser Even Kvåle Sanden håndlaga smedprodukter av stor diversitet. Alt blir håndlaga og skapt med lidenskap, og ein kvar gjenstand vil vere heilt unik!

Produkt: Diverse verktøy som knivar og liknande. Ulike typar krokar og knaggar. Pyntegjenstandar som smykker og ringar. Det blir også stilt ut dreia fat, skåler og figurar i tre, som er fine dekorasjonar til hus og hytte. Sjå eksempel på produkta på nettsida, Facebook og Instagram

I tillegg blir det framvisning av smia og enkel produksjon.


Solsikka Glassdesign

Solsikka Glassdesign har salsutstilling i lokala til Skald i Gamlehotellet fredag til søndag.

Siri Beate Aronsen lagar lyshus i mange fine fargar, glasfigurar, englar, juledekorasjonar m.m. Eksempel finn du på sidene hennar på Facebook og Instagram.

Produkt: Glaskunst.

Foto: Solsikka Glassdesign/ Facebook


Foto: Solveig Vagstad

Solveig Vagstad

Solveig Vagstad frå Leikanger stiller ut akvarell og grafikk i RiverDal-kafeen i Saften laurdag kl. 9-15.

Som kunstnar og illustratør er Solveig opptatt av å lage verk som berører viktige tema, som t.d. naturen og barn, kvinners og jenters rettigheiter. Solveig er og opptatt av kjensler og uttrykk for venskap, å høyre til, utanforskap og einsemd. Ein grunnleggande tanke er å gjere usynlege synlege.

Produkt: Teikningar, akvarellar og linoleumstrykk.



Synnøve Fretheim

Synnøve frå Årdal kan kunsten å bake lefser!

Produkt: Sunnfjordlefse og lefsekling.

Foto: Synnøve Fretheim


Foto: Hageland Leikanger / Facebook

Syrstrand Gartneri / Hageland Leikanger

Produkt: Blomar, jus.


Foto: Stine Steig

Tegneglede av Stine Steig

Stine Steig målar, teiknar og syr flotte saker! Eksempel på produkta finn du på sidene hennar på Facebook og Instagram.

Produkt: Heimasydde dokkleklede, småvesker, makramearmband, akvarellmaleri av dyr, m.m.


Foto: Cecilie Sørlie / Facebook

Tupperware

Cecilie Sørlie kjem med Tupperware-produkt.

Ho har også ei Facebook-gruppe som ein kan verte med i, og kan nås på telefonnr 95 779 779 for bestilling andre dagar enn marknadslaurdagen.


Foto: Undredal Stølsysteri

Undredal Stølsysteri

www.undredalsost.no

Produkt: kvit og brun geitost


Foto: Veitastrond Gardsysteri / Facebook

Veitastrond Gardsysteri

Veitastrond Gardsysteri held til på Veitastrond i Luster, og lagar geitost frå eiga mjølk.

Produkt: brun geitost, kardemommeost og prim.


Foto: Vikja / Facebook

Vikja

Produkt: Spekemat, kjøtvarer, skinn - økologisk.


Foto: Turid Vikøren

VoV Smykker

Turid Vikøren er ein utflytta systrending som produserer handlaga sølvsmykke.

"VoV" står for "Ven og Varig": Smykkene skal gjera deg ven og få deg til å "skina litt ekstra". Det er også viktig at dei er varige: dei er laga av edelt metall og kan vølast (reparerast) om dei blir øydelagde - eller dei kan redesignast dersom du ynskjer noko nytt.

Sjå eksempel på smykka på vovsmykker.epla.no


Foto: Yada Thaimat

Yada Thaimat

No er vårrullene proppfulle med lokale grønnsaker!

Sjå meir info på nettsida deira, Facebook og Instagram


Foto: Mona Øksdal / Facebook

Øksdalssyssel

Mona Øksdal

Produkt: Hekla produkt, øyredobber og smykke som er handlaga, hekla babyprodukt m.m.



Forrige
Forrige

Program for Fruktbare dagar 2024

Neste
Neste

Soppkurs på Kleppa