Kulturminner krydra med Billa & The Kid

Billa & The kid

Billa & The kid

I samband med opninga av Fruktbare Dagar 3 oktober skipar Opplev Leikanger i samarbeid

med Systrond Sogelag og Leikanger Kommune til kulturminnekveld på Sognefjord Hotel

Direktøren for kulturminnefondet Simen Bjørgen gledar seg til å bidra. Han er legg stor vekt

Direktør for kulturminnefondet Simen Bjørgen

Direktør for kulturminnefondet Simen Bjørgen

på at kulturminner er ein ressurs som representerer kvalitetar av stor betyding for utviklinga av våre lokalsamfunn. Både som identitetsskapar og som grunnlag for sosial, økonomisk og kulturell verdiskaping. Med tidlegare fartstid som ordførar i Lom gjennom to periodar og med utvikling av næringslivet i Nord Gudbrandsdalen, vil han ta med oss på ein spennande reise og ikkje minst vise oss kor viktige det er å kople kulturminner både til folk, lokalsamfunn og næringsliv.

Leikanger kommune har fått utarbeida ein ganske fersk kulturminneplan, der Kjell Arne Valvik i Asplan Viak as. har vore hovudarkitekten i dette arbeidet. Denne planen er viktig for Leikangersamfunnet, men vil også vere svært viktig i det arbeidet som skal skje tre når kommunar smeltar i hop til ein kommune frå 1. januar 2020.

For å krydre desse to innlegga kjem våre kjende lokale trubadurar i Billa & The Kid til Sognefjord Hotell. Dei har med seg lokal kultur i tekst og tonar som vi veit vil falle i god smak for de som tek utfordringa til å setje av eit par timar denne torsdagskvelden i byrjinga av oktober.

Opplev Leikanger vil også servere ein god smak med noko godt å bita i.

Hjarteleg velkomen til opninga av Fruktbare Dagar 2019 på Sognefjord Hotel

Spørsmål? – ta kontakt med

Roar Werner Vangsnes - 48168289

Styreleiar i Opplev leikanger

Forrige
Forrige

Ost og øl med Skånaliseter Gårdsysteri og Balder Brygg

Neste
Neste

Program for Fruktbare Dagar 2019