Krim og kyllingsuppe i Villmarka

Rune Timberlid kjem til Villmarka onsdag 11. april kl 19.

Leikanger folkebibliotek har i samarbeid med Villmarka invitert forfattar og journalist Rune Timberlid til å den siste boka si Blodhemn og forfattarskapen sin onsdag 11. april. Klokka 19.00.
Timberlid er for mange kjend som både journalist og forfattar, og fleire av bøkene hans tek utgangspunkt i kjende område i Sogn og Fjordane. Boka «Blodhemn» er den siste i rekkja av spenningsbøker som handlar om politibetjent Rolf Randen.

Forlaget skriv fylgjande om boka:
"Eit brutalt drap kjem for dagen då den svært omstridde gruva i Vevring blir opna. Samstundes blir det funne eit gammalt drapsoffer på botnen av Førdefjorden like ved gruveanlegget.

Politibetjent Rolf Randen står sentralt i etterforskinga av drapet i gruva. Journalisten Karianne Grinde grev i den gamle drapssaka, og her kjem ho på sporet av andre dødsfall i distriktet. Har dei ein samanheng med dei to drapa i Vevring?

Arbeidet fører også Karianne tilbake til dramatiske hendingar under den bitre sjukehusstriden mellom byane Florø og Førde."

Det vert servert kyllingsuppe til kr 100, - pr person.Det vert også høve til å kjøpe drikkevarer.

Arrangementet elles er gratis.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vi treng fleire støttemeldemmar

Neste
Neste

Har du ein idé til vårt nye kommunevåpen?