Har du ein idé til vårt nye kommunevåpen?

Skular, barnehagar, politikarar, lag og organisasjonar, i Balestrand, Leikanger og Sogndal, inviteres til å delta i idékonkurransen.

Invitasjon til idékonkurranse – framlegg til nytt kommunevåpen

Skjermbilde 2018-03-21 08.09.03.png

Frå 1.1.2020 blir Sogndal, Leikanger og Balestrand ein ny kommune. No startar arbeidet med å bestemme det nye kommunevåpenet. Fellesnemnda ønskjer å involvere innbyggjarane, og inviterer difor alle til å bli med i idékonkurransen. Dei tre beste forslaga vil bli premierte. Frist for å sende inn idear er 15. juni 2018.

Alle innsende forslag vil bli presenterte offentleg. Gjennom ei open avstemming skal det vidare kårast ein «Folkets favoritt.» Den endelege utforminga av kommunevåpenet skal bygge på element frå denne ideen.  Kommunevåpenet skal tene som symbol for felles identitet og samhald i den nye kommunen. Ideen må formidle dette. Kva har vi til felles? Kva kjenneteiknar den nye kommunen? Korleis ønskjer vi at vår identitet skal kome til uttrykk? Ideen kan formast som ei teikning, ei skisse eller berre tekst. Vi ønskjer at alle teikningar og skisser også har ein kort forklarande tekst.

Delta i idé-konkurransen:
Bruk eit A4-ark, og teikn eller lag ei skisse av motivet du meiner symboliserer kommunen.
Legg også ved ein kort tekst som skildrar og grunngjev forslaget.
Send inn teikning, eventuelt idé som tekst, med grunngjeving og kontaktinformasjon (namn, adresse, tlf, e-post). 

Innsende framlegg skal merkast «kommunevåpen» og sendast til:

Fellesnemnda for nye Sogndal kommune,
Postboks 153,
6856 Sogndal,

eller postmottak@sogndal.kommune.no.  

Frist for innlevering er 15.6.2018.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Krim og kyllingsuppe i Villmarka

Neste
Neste

Sett av disse datoane i 2018