Vil du selje varer på marknadene våre? Info om påmelding her!

 

Julemesse

Tidspunkt 2024: laurdag 30. november kl 11-15. Opprigging frå kl 9.

Stad: Villmarka, innandørs.

Pris: 250 kr

Påmelding 2024: ta kontakt med oss på opplevleikanger@gmail.com

God stemning på julemessa 2022 inne på Sognefjord Hotel.
Bilete: Roar Werner Vangsnes


Fruktbare dagar

Opplev Leikanger arrangerer Fruktbare dagar i sentrum på Hermansverk kvart år, i månadsskiftet september-oktober (vanlegvis første helga i oktober). Laurdagen er marknadsdag.

Vi har plass til torgseljarar inne i eit stort marknadstelt, og utandørs i dykkar eigne telt eller vogner på og rundt sentrumsplassen ved kjøpesenteret Saften på Hermansverk.

Tidspunkt 2024: Festivalen har arrangement og aktivitetar over fleire dagar, frå 2. til 6. oktober, med marknadsdag laurdag 5. oktober 2024.

Påmelding: Bruk dette påmeldingsskjemaet, som du sender til opplevleikanger@gmail.com innan 21. august. Lurer du på noko, så send oss ein e-post om det også.

Vi treng opplysningar om kven som kjem, kva varer de vil selje, kor stor plass de treng, om de har behov for straum, og kven som skal betale for plassen dykkar (fakturaadresse).

Vil du at vi skal skryte litt av deg og produkta dine i oversikta over kven som kjem til torgs, så gi oss info om det i påmeldinga. Det er plass til eit bilete eller to, og ein kort omtale, og eventuelt nokre lenker til nettside eller facebook for meir info. Sjå eksempel 2024.

Pris: Ein torgplass kostar 500 kroner. Det inkluderer at du kan låne eitt bord gratis av oss (220x81 cm). Ekstra bord kostar 500, og tilgang til straum kostar 100 i tillegg.

Tidsskjema:

  • Kl. 08-10: Opprigging. Det vert ikkje tillate med bilar på plassen etter kl. 09.30 (med unnatak for bilar som vert brukt som salsbod).

  • Kl. 09-10: Gratis frukost. Som einaste festival spanderer me frukost på alle, både bygdefolk, torghandlarar og utstillarar. Frukosten vert servert i Leikangerhallen. Ei stor takk til våre fantastiske sponsorar som gjer dette mogleg!

  • Kl. 10-15: Marknadsbodane er opne for sal. Diverse aktivitetar i bygga rundt torget.

  • Kl. 15: Nedrigging. Bilar kan igjen køyre inn på plassen.

Alle bilete: Opplev Leikanger