Sommar
Aktiv i fjord og på fjell? I Leikanger er du tett på begge deler. Velkommen skal du vere!
Fotturar
Leikanger tilbyr eit hav av turer. Me har liste opp nokon av dei mest populære.
Badeplassar
Fylkesmannsstranda ligg midt i bygda, ved Fylkesmannsgarden der Nybø barnehage held til. Dette er den mest brukte badeplassen i Leikanger. Her er badebryggje, badeflåte, sand- og steinstrand, tilgang til toalett, eldstad for grilling, bord og benker.
Prestastrondi ligg ved Leikanger ungdomsskule og har Leikanger prestegard som næraste nabo. Stranda er lett tilgjengeleg, med badebryggje, steinstrand, grasplen og sandvolleyballbane. Tett ved stranda ligg ein ballbinge og ei større flate med kunstgrasdekke. Bilparkering ved Leikanger ungdomsskule.
Nybøstrondi ligg ved snuplassen i enden av vegen til bustadhusa i Nybøstrondi. Strandområdet er det minste av dei offentlege badeplassane, men har ei fin lita stein- og sandstrand med eit stort tre, som gjev fin skugge for dei sterkaste solstrålane. Her er også tilgang til toalett.
Kajakk
Sogndal turlag har inngått samarbeid med båtlaget i hamna på Hermansverk. I det store flotte raudmala naustet med steinheller på taket rett ved innkjørsla til båthamna er det lagra fem havkajakkar. Desse kajakkane kan leigast: Sogndal Turlag sine kajakkar
Gardsbesøk
Henjatunet er eit typisk vestlandsk klyngjetun, i grenda Henjum. Og på frukt- og sauegarden «Eggjagarden» tilbyr vertskapen omvising og servering for mindre og større grupper. På turen gjennom frukthagen, tunet og grenda får du høyre om korleis gardane på Henjum tradisjonelt er blitt drivne og korleis drifta er no.
I fruktsesongen kan du kjøpe epler, pærer og plommer i kassar eller lausvekt. Her er også sal av fruktsaft. Fruktsaft kan du også presse sjølv, ved å låne fruktpressa på garden. Les meir om Henjatunet