Årets storsatsing i FEM I STEIN er konserten "In my end is my beginning" med det nye profesjonelle koret JSB-Ensemble Oslo og eit knippe framifrå instrumentalistar! Konserten kjem til dei tre største kyrkjene i serien - Leikanger, Vangen og Dale!
På programmet står både sprudlande og sjelegranskande musikk av Johann Sebastian Bach, jublande tonar av Hugo Distler og fantasifulle utrop frå Luciano Berio - eller meir spesifikt:
J. S. Bach: Motetten "Singet dem Herrn" (BWV 225)
J. S. Bach: Kantaten "Nach dir, Herr, verlanget mich" (BWV 150)
Luciano Berio: "A-Ronne"
Hugo Distler: "Singet dem Herrn"
Kl 19:15 vert det ei kort konsertinnføring der dirigent Julia Blank tek publikum med inn i repertoaret, og der ho ved hjelp av songarane og musikarane kjem til å løfte fram ulike musikalske tema som ein kan lytte etter i konserten!
Alle er hjarteleg velkomne til å få med seg dette!
Kl 19:45 vert dørene opna for dei som kjem direkte til konsert!
///
Medverkande:
Ditte Marie Bræin, sopran
Karen Mathilde Heier Hovd, sopran
Mari Askvik, mezzo
Eva Landro, mezzo
Robert Lind, tenor
Paul Kirby, tenor
Haakon Hille Hustad, baryton
Halvor Festervoll Melien, baryton
Ingrid Økland, fiolin
Øivind Nussle, fiolin
Anna Carlsen Waldingbrett, cello
Gunnhild Tønder, orgel
Ingrid Askvik, konsertregi
Julia Blank, dirigent
////
Billettar kan kjøpast i døra med Vipps eller kontantar.
250 kr for vaksne | 100 kr for born under 16 år.
Om du ønskjer å støtte oss ytterlegare, er det også mogleg å kjøpe sponsorbillett til 350 kr.
Vel møtt!
///
Konserten er støtta av:
Norsk Kulturfond (Kulturrådet)
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Fond for utøvende kunstnere (FFUK)
Oslo kommune
Luster kommune
Aurland kommune