Velkommen til jonsokfeiring 22. juni kl.17.00.
Opplev Leikanger inviterer til jonsokfeiring på Nokkaneset dagen før dagen kl.17.00 og bålbrenning kl.19.00– den 22. juni. Det er laurdag og vi satsar på at det beste veret er denne kvelden . Som tidlegare år bygger ungdommen bål – som vi håpar blir tent på og brenn opp. I fjor var det for tørt og eit år tidlegare var det for mykje vind, men dei andre 7 åra har vi fått fyr på det største bålet langs Sognefjorden.
Sognefjord Hotell stiller med grillmat og drikke til.
Polengruppa på ungdomsskulen som kvart år reiser med dei kvite bussane til Polen og Tyskland, sørger for kaffi, kaker og is.
Barnehagane kjem med jonsokbrudepar og vi får med oss trekkspelmusikk.
Det vert leikar og natursti både for ungar og vaksne.
Målet for Opplev Leikanger er at vi får samla så mange vi klarar til å markera at sola sitthøgaste og dagane er på det lysaste – i år er sommarsolkverv den 21. juni Kl. 15.54.