Temamøte om nærings- og samfunnsutvikling i nye Sogndal kommune.
Nye Sogndal kommune og Sogn Næring skal i 2019 lage ein strategi for nærings- og samfunnsutvikling i den nye kommunen. Næringsliv, eldsjeler og andre som brenn for utvikling i den nye kommunen vert med dette invitert til å kome med innspel og delta i diskusjonen. Politikarar og leiarar i privat, offentleg og frivillig sektor vert særleg oppmoda om å delta.
Møta vil bli gjennomført etter same mal i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Sogndal. Arbeidet skal ta utgangspunkt i plattformdokumentet som samanslåinga er tufta på, og har mandat frå fellesnemnda si handsaming av organiseringa av nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet i februar i år.
Balestrand: 25.06 klokka 18:00, Kviknes Hotel
Kaupanger: 26.06 klokka 08:00, Vesterland
Sogndal: 26.06 klokka 15:00, Quality Hotel Sogndal
Leikanger: 26.06 klokka 18:00, Knausen
Møta er opne for alle. Velkommen!