Temakveld: Reiselivet i Leikanger – gjest Ståle Brandshaug
Kom på Cafe Herman onsdag 18. januar kl. 19.00.
Opplev Leikanger køyrer i gong ein ny temakveld for å tilby næringslivet og folk flest i Leikanger ein god møteplass. Litt fagleg, mykje sosialt og høve til å pleie gamle og bygge nye nettverk.
Vi får besøk av Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør for Visit Sognefjord. Han vil snakke om dei viktigaste utviklingstrekka for reiselivet i vårt område. Brandshaug vil utfordre oss på tema som overnatting, aktivitetar, opplevingar, servering og eventuelle nye tiltak i Leikanger.
Reiselivet i Sogn har i det siste vakse med rundt 15 prosent i året. Særleg er auken stor i april/mai og september/oktober. I tillegg veks vintertrafikken monaleg. Dei fire store fyrtårna her i fylket finn vi i Flåm/Nærøyfjorden, Balestrand, Luster/Nigardsbreen og Stryn/Loen. Vi som bur i Leikanger er altså midt i indrefileten av turismen. Vi trur det ikkje før andre fortel oss det. Kan vi gjere noko annleis? Kanskje du har nokon gode idear om nye tiltak innan reiselivet?
I tillegg vil Per Steinar Melås fortelje kva som skjer på bruket sitt på Gjerde. Til våren opnar han eit nytt bygg som kjem til å innehalde fleire nye aktivitetar. Vi gledar oss til å høyre om det.
Til slutt ei kjapp orientering om Kjeringi Open som feirar 25 årsjubileum 22. april. Stikk innom og snakk om framtida der Leikanger er i sentrum.
PS: Det er ope for alle, både privat og offentleg, unge og eldre. Bli med, ta med deg ein venn og bygg eit større nettverk.