Spennande kunst med Bodil Friele på Gamlehotellet

Tradisjonen tru vert det kunstutstilling på Gamlehotellet i Leikanger i samband med «Fruktbare dagar». I år har Skald Forlag gleda av å ønskje velkommen den spennande kunstnaren Bodil Friele, som viser fargerike maleri fylte med energi.

Utstillinga opnar fredag 29. september kl. 19.

Bodil Friele starta kunstkarriera tidleg i 1990-åra og har utdanning mellom anna frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho arbeider med mange ulike media som sand, gouache, akryl, lausrivne objekt eller papirlappar som er lada med symbol. Ho dreg gjerne målinga ut med sparkelspade, eller blandar inn jord og sand for å få eit røffare uttrykk.

Foto: Ann Kristin Ødegård

Dei siste åra har ho også arbeidd med installasjonar av trevirke i ulike former. Som fargerike objekt på vegg, måla vedstablar eller installasjonar i naturen der ho set farge på skogen. Verk som blir ståande over tid som små og store objekt i landskapet før dei vert nedbrotne og tekne tilbake av naturen dei kjem frå.

Friele seier sjølv: «Drivkraften min er gleden over å se noe nytt og bortgjemt, og å skape bilder som kan uttrykke noe av det som ligger dypt i meg»

Foto: Ronny Østnes

Bodil Friele har vore svært produktiv og har delteke i ei rekke kollektivutstillingar og separatutstillingar. Ho er innkjøpt av mange kommunar og bedrifter.

Utstillinga vert opna fredag 29. september 2023 kl. 19. Kunstnaren vil vere til stades.

Sjå døme på Bodil Friele sine måleri og installasjonar på www.bodilfriele.com

Forrige
Forrige

Kven kjem til torgs?

Neste
Neste

"Vokalise for den blå planeten" i Leikanger kyrkje