Program for Fruktbare dagar 2023

Velkomen til ei fruktbar langhelg på Leikanger frå torsdag 28. sept. til søndag 1. okt.!
OBS: programmet blir oppdatert med siste nytt/endringar heilt inn mot festivalstart.


Torsdag 28. september

Fredag 29. september

Laurdag 30. september

Søndag 1. oktober

Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar

Tilbod i dei lokale butikkane

Takk til dei gode sponsorane våre!


Torsdag 28. september

  • Den store eplekassen frå Sogn Frukt og Grønt kjem på plass utanfor Saften, med gratis smak av lokale eple til alle

  • Haustkunst frå barnehagane og barneskulen pyntar opp i sentrum

  • Fruktbart kakebord i Riverdal-kafeen i Saften kl. 13-18 i regi av Leikanger Frivilligsentral

  • Kunstutstilling med Åge Steinset opnar kl. 19 i Villmarka, med musikkinnslag av Gry Hege Melås og Inge Ronny Kvåle. Utstillinga held ope resten av helga fram til søndag kl 12

  • Opning av årets 25-årsjubilerande Fruktbare dagar kl. 20 i Villmarka, med sidersmaking frå fem lokale produsentar i siderlauget: Ciderhuset, Ølmheim siderhage, Odelsgut, Amble Gård og Bolstad-Neverdal fruktgard.
    Billett kr. 100 for smakinga, elles gratis. Villmarka held ope til kl. 24 og kan i tillegg til meir av sidertypane du likte best, by på betasuppe, kaffi og kaker, og ymse ting i baren utover kvelden


Fredag 29. september

  • Fruktbart kakebord i Riverdal-kafeen i Saften kl. 9-13 i regi av Leikanger Frivilligsentral

  • Kom, høyr, sjå og smak kva som skjer på Njøs frukt- og bærsenter kl. 15.30-16.30, med Stein Harald Hjeltnes og teamet

  • Kunstutstillingar

    • Åge Steinset i “låven” på Villmarka heile dagen

    • Johanne Malene Teigen si utstilling opnar i Riverdal-kafeen i Saften kl. 14, og held ope til kl. 19

    • Bodil Friele si utstilling opnar kl. 19.30 i lokala til Skald Forlag i Gamlehotellet, med musikkinnslag frå Rasim Ramazov på piano

  • Ungdomskveld (12-17 år) med DJ Trym og gratis pizza på Leikanger Fjordhotel kl. 19-22.
    Rusfritt arrangement i regi av Leikanger Frivilligsentral, Opplev Leikanger, TT Music Production og Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune

  • Oktoberfestivalen på Sognefjord Hotel frå kl. 17-02

    • Fruktbar festmeny kl. 17-22 - treretters middag med lokale råvarer

    • Konsert med Oslo blåseorkester kl. 22

    • DJ kl. 23.30


Laurdag 30. september

  • Torgdag i sentrum med marknad og aktivitetar heile dagen.
    Merk at det vert sterkt avgrensa parkering utanfor Saften. Det er gode parkeringingsmoglegheiter rundtom ved dei offentlege bygga (NAV, fylkeskommune, vegvesen, Statens Hus).

    • Fruktbar frukost med gratis mat til alle i Leikangerhallen kl. 09-11, i samarbeid med Kiwi og Coop Prix. Under frukosten vert det også klatring med Systrond 1 speidargruppe

    • Marknad kl. 10-15 med lokal frukt, mat og drikke, handverk og aktivitetar.
      Sjå oversikt over torgseljarane og utstillarane våre lenger nede på sida.

    • Open hall for barn og unge kl. 12-14 i Leikangerhallen med Leikanger Frivilligsentral

    • Beredskapsetatane har stand med Eliasbåten frå Redningsselskapet, snøskuter frå Leikanger Røde Kors, brannbil frå Sogn brann og redning, og ambulanse frå Ambulansetenesta.

    • Laserskyting i Saften med Leikanger Skyttarlag. Trekking av Leikanger Skyttarlag sitt lotteri ca. kl. 14.

    • Leikanger barneskule stiller opp med juspressa si, og pressar frukt for dei som vil

    • Leikanger bibiliotek held ope

    • Leikanger Jakt- og Fiskelag og Osland AS deler ut gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt

    • Syril gutar 13 speler handballkamp i Leikangerhallen mot Eikefjord kl. 15.15

  • Kunstutstillingar

    • Åge Steinset i “låven” på Villmarka heile dagen

    • Johanne Malene Teigen i Riverdal-kafeen i Saften kl. 9-15

    • Bodil Friele i lokala til Skald Forlag i Gamlehotellet kl. 10-16

  • Stemningsfull vokalkonsert med Bodil Rørtveit i Leikanger kyrkje kl. 19

  • Fruktbar menyLeikanger Fjordhotel.

  • Oktoberfestivalen på Sognefjord Hotel frå kl. 12–02

    • Bingo kl. 15.15 med Svein og Eivind Røysum

    • Oktoberfestmiddag kl. 17.30 - ølbraisert svineknoke med surkål, rotgrønsaker, potetpurè og sennep & estragonsaus.

    • Konsert med Staysman kl. 21

    • Konsert med Folk Flest kl. 24


Søndag 1. oktober

  • Bygdevandring frå Hamre til Hanehaug med Knut Henning Grepstad frå Systrond Sogelag kl. 12
    Knut Henning er guide med historiar frå gamal og nyare tid. Oppmøtestad: Hamretunet, ved informasjonsskiltet. Parkering på Hanehaug (eller ved fruktlageret).

  • Barnas Turlag skal ut på tur kl. 14 med tema TURmat. Oppmøtestad: Kvålen, grinda ved inngangen til Njøsadalen.
    Turen går til Pyttane. Meir info hjå Barnas Turlag Leikanger

  • Afternoon Tea kl. 13.30-16.30 på Leikanger Fjordhotel. Bordbestilling.

  • Kunstutstillingar


Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne

Epledama vår, laga av Janne Nes

Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne


Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar

HER KJEM OVERSIKTA OVER ALLE SOM KJEM PÅ MARKNADEN - SJÅ MEIR INFO OM KVAR AV DEI PÅ DENNE SIDA

Mat og drikke

Andre varer

  • Arlene Singdahlsen

  • Cecilie Sørlie - Tupperware

  • Erling Røysum Sport 1 - sportsklede og sko

  • Frydenbø Bilsenter - utstilling av bilar

  • Handarbeidslaget Sans og Samling - husflid

  • Isabella Labarca - økologisk badesalt

  • Joar Sørhoel - heimelaga produkt og jaktutstyr

  • Smedegaard Smithing - smie med demonstrasjon av smedarbeid, sal av verktøy, krokar, smykke m.m., og trearbeid

  • Sognefjord Hotel - billettar og kostyme til Oktoberfesten, popcorn og baconcrisp

  • Sparebanken Sogn og Fjordane - informasjon om banktenester

  • Stigagarden - skinn og garn frå gamalnorsk spelsau (Stigagarn)

  • Stine Steig Design - heimesydde dokkeklede, småvesker, makramearmband, akvarellmaleri, m.m.

  • VoV Smykker - handlaga sølvsmykke

  • Øksdalsyssel - hekla produkt, handlaga øyredobbar og smykke, hekla babyprodukt m.m.

  • Kunstutstillingar:

    • Bodil Friele - måleri (i Skald Forlag sine lokale)

    • Johanne Malene Teigen - måleri (i Saften, 2. etasje)

    • Åge Steinset - måleri (i Villmarka)

Lag og foreiningar sine aktivitetar


Tilbod i dei lokale butikkane

  • Erling Røysum AS feirar Fruktbare Dagar 25 år med halv pris på Hoka goretex / vibram og vasstette sko til jr. Tilbodet gjeld torsdag - laurdag. 🍁

  • Coop Byggmix gir 25 % på Jordan kostar/verktøy, Quick Bengalack, alle lagerførde terassevarmarar og mykje meir i anledning Fruktbare dagar sitt 25årsjubileum.


Takk til dei gode sponsorane våre!

 
 
 
 
 
Forrige
Forrige

Summerred-eple finst framleis å få kjøpt!

Neste
Neste

Kven kjem til torgs?