Program for Fruktbare dagar 2022

Velkomen til ei fruktbar langhelg på Leikanger frå torsdag 29. sept. til søndag 2. okt.!
OBS: programmet kan bli oppdatert med siste nytt/endringar heilt inn mot festivalstart.


Torsdag 29. september

Fredag 30. september

Laurdag 1. oktober

Søndag 2. oktober

Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar

Tilbod i dei lokale butikkane

Takk til dei gode sponsorane våre!


Torsdag 29. september

  • Den store eplekassen frå Sogn Frukt og Grønt kjem på plass på Borggarden, med gratis smak av lokale eple til alle

  • Haustkunst frå barnehagane og barneskulen pyntar opp i sentrum

  • Ope naust i båthamna med kajakkgruppa til Sogndal Turlag kl. 17.00-19.00. Dei som vil, kan få prøve seg i ein kajakk - turlaget passar på sikkerheita. Det blir fyrt opp bålpanne, så ta med pølser om du vil grille! Bålkaffi skal det også bli ei råd med.

  • Bokbad med ny bok om Sidereventyret utgitt av Skald forlag, og sidersmaking inkl. alkoholfrie variantar, på Leikanger Fjord Hotel kl. 19.00.

    • Opplev Leikanger ønskjer velkomen til siderkveld under Fruktbare dagar

    • Camilla Aasen, ein av forfattarane av boka Sidereventyret, leiar ein samtale mellom medforfattar Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i Hanen, Åge Eitungjerde frå Ciderhuset og Endre Kleiveland, leiar i Ciderlauget i Sogn

    • Pause med servering og noko å bite i

    • Åge Eitungjerde tek oss med på ei spanande sidervandring gjennom fem ulike smakar sider, som på same tid formidlar eplehistoria i Sogn fram til i dag


Fredag 30. september


Laurdag 1. oktober

  • Torgdag i sentrum med marknad og aktivitetar heile dagen. Gode parkeringingsmoglegheiter rundtom ved dei offentlege bygga (NAV, fylkeskommune, vegvesen, Statens Hus), og sterkt avgrensa parkering utanfor Saften.

    • Fruktbar frukost med gratis mat til alle i Leikangerhallen kl. 09.00-11.00, i samarbeid med Kiwi og Coop Prix. Under frukosten vert det også klatring med Systrond 1 speidargruppe, og minikonsert med Leikanger skulemusikk ca. kl. 10.30. OBS pga. nytt golv i hallen, ber vi alle ta av seg skoa i gangen utanfor/bruke skotrekk.

    • Marknad kl. 10.00-15.00 med lokal frukt, mat og drikke, handverk og aktivitetar.
      Sjå oversikt over torgseljarane og utstillarane våre lenger nede på sida.

    • Beredskapsetatane har stand med Eliasbåten frå Redningsselskapet, Leikanger Røde Kors, brannbil frå Sogn brann og redning, og ambulanse frå Ambulansetenesta. Kanskje kjem onkel politi.

    • Open hall i Leikangerhallen med Leikanger Frivilligsentral og handballgruppa i Syril

    • Laserskyting i Saften med Leikanger Skyttarlag. Trekking av Leikanger Skyttarlag sitt lotteri ca. kl. 14.15.

    • Leikanger barneskule stiller opp med juspressa si, og pressar frukt for dei som vil

    • Leikanger Jakt- og Fiskelag deler ut gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt

    • Maskottane Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Sparebanken Sogn og Fjordane kjem på besøk

    • Kunstutstillingar:
      - Giuseppe Miconi i «Gamlehotellet» - olje- og akrylmåleri
      - Johanne Malene Teigen i LF RiverDal-kafeen på Saften - akrylmåleri og grafikk
      - Signe Lekven og Turid Oppedal i “ungdomsbasen” til biblioteket på Saften - akvarellar

    • Sogn Næring AS er på plass i arbeidsfellesskapet FUS Leikanger i «Bankbygget» - ta turen innom og sjå om dette kan vere noko for deg kl. 12.00–14.00

    • Sogndal Bibliotek held ope kl. 11.00-14.00

  • Barnas Turlag skal ut på tur kl. 15.00. Tema: TURmat. Meir info på Facebooksida til Barnas Turlag Leikanger

  • Fruktbar meny frå kl. 18.00 (siste seating kl. 20.00) på Leikanger Fjordhotel. 3-rettar kr. 495 og 4-rettar kr. 595. Påmelding og bordbestilling på førehand til hotellet på tlf. 576 56 020.

  • Oktoberfestival Sognefjord Hotel frå kl. 16.00–02.00

    • 14.00 Teltet opnar

    • 16.00 KnausenBingo

    • 18.00 Oktoberfestmiddag. Schweinshaxe mit sauerkraut!

    • 20.00 Konsert med Folk Flest

    • 22.30 Spruce Bringsteel husband

    • 02.00 Buss til Sogndal


Søndag 2. oktober

  • Kunstutstilling med Giuseppe Miconi i «Gamlehotellet» kl. 12.00-16.00

  • Kulturvandring i Husabø-grendi med Knut Henning Grepstad frå Systrond Sogelag kl. 12.00-13.30.
    Knut Henning er guide når vi vandrar på gamle historiske marker, får høyre om det gamle klyngetunet, ser på nye fruktmarker og vandrar gjennom dei nyplanta druemarkene. Oppmøte ved parkeringsplassen ved gravplassen i Strandavegen

  • Afternoon Tea kl. 13.00-17.00 (siste seating kl. 15.00) på Leikanger Fjordhotel
    Pris kr. 395 eller med bobler kr. 495. Påmelding og bordbestilling til hotellet på førehand på tlf. 576 56 020.


Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne

Epledama vår, laga av Janne Nes

Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne


Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar

HER KJEM OVERSIKTA OVER ALLE SOM KJEM PÅ TORGDAGEN

Mat og drikke

Andre varer

  • Erling Røysum Sport 1 - sportsklede og sko

  • Gerd Karin Gjøringbø - Tupperware

  • Giuseppe Miconi - måleri

  • Johanne Malene Teigen - måleri

  • Signe Lekven - måleri

  • Sognefjord Hotel - billettar og kostyme til Oktoberfesten

  • Stine Steig Design - akvarell, makramé, handarbeidsprodukt

  • Syrstrond Gartneri - nypressa jus, blomster, blomsterløk og lyng

  • Turid Oppedal - måleri

  • Ullogsilke.no - skjerf og sjal i ull og silke

  • Øksdalsyssel - hekla babyleiker, pynt, smykke, øyredobbar, anna handverk

Lag og foreiningar sine aktivitetar

Tilbod i dei lokale butikkane

Takk til dei gode sponsorane våre!

 
 
 
 
Forrige
Forrige

Konsert og allsang på Villmarka

Neste
Neste

Fruktbare dagar 2022 - vil du vere med?