Program for Fruktbare dagar 2021
Torsdag 30. september
Eplekassar frå Sognefrukt kjem på plass på Borggarden, med gratis smak av lokale eple til alle
Haustkunst frå barnehagane og barneskulen pyntar opp i sentrum
Fredag 1. oktober
Eldredagen markerast på Sognefjord Hotel med Leikanger pensjonistlag kl. 13.00. Foredrag v/ Synne Aafedt Liljedal om kosthald og ernæring, underhaldning ved Bjørn Gisle Seter og Akiko Anazawa, og matøkt.
Markvandring med Stein Harald Hjeltnes på Njøs frukt- og bærsenter kl. 15.00-16.00
Kunstutstilling med Grete Lund Johannesen frå Galleri Vang på «Gamlehotellet» kl. 16.00-19.30
Quiz-kveld med Bård og Joar på Villmarka. Vi lovar god stemning og fine premiar. Inngangsbillett kr. 50. Dørene opnar kl. 18.00 med betasuppe på menyen, og med quiz-start ca. kl. 19.30. Påmelding av lag er no fullteikna!
Etter quizzen (sånn ca. i 23-tida) vert det opna for fri inngang for alle. Villmarka held ope fram til kl 01.Ungdomsarrangement (12-17 år) med minikonsert, musikk-quiz og gratis pizza i festivalteltet på Borggarden
kl. 20.00-23.00.
Laurdag 2. oktober
Torgdag i sentrum med marknad og aktivitetar heile dagen. Gode parkeringingsmoglegheiter rundtom ved dei offentlege bygga (NAV, fylkeskommune, vegvesen, Statens Hus), og sterkt avgrensa parkering utanfor Saften.
Fruktbar frukost med gratis mat til alle i Leikangerhallen kl. 09.00-11.30, i samarbeid med Kiwi og Coop Prix. Klatring med Systrond 1 speidargruppe.
Marknad kl. 10.00-15.00 med lokal frukt, mat og drikke, handverk og aktivitetar.
Sjå oversikt over torgseljarane og utstillarane våre lenger nede på sida.Beredskapsetatane har stand med Leikanger Røde Kors, Redningsselskapets Sjøredningstjeneste Leikanger, Sogn brann og redning, Politiet og ambulansetenesta. Elias-båten kjem ein tur opp på tørt land.
Open hall i Leikangerhallen med Leikanger Frivilligsentral
Laserskyting i Saften med Leikanger Skyttarlag. Trekking av lotteriet til Leikanger Skyttarlag.
Leikanger barneskule stiller opp med juspressa si, og pressar frukt for dei som vil
Maskottane Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Sparebanken Sogn og Fjordane kjem på besøk
Kunstutstillingar:
- Grete Lund Johannesen i «Gamlehotellet» - akvarellar, oljemåleri og trykk
- Johanne Malene Teigen i LF RiverDal-kafeen på Saften - akrylmåleri og grafikkOmvising i FUS Leikanger i «Bankbygget» med Sogn Næring kl. 11.00-15.00
Haustens “bokfrukter” frå Skald Forlag vert vist fram i FUS
Kunstutstilling med Magne Vangsnes i Sognefjord Panorama
TURmat til Pyttane med Barnas Turlag kl. 15.00. Kontaktperson Bjørn Carlsen
Fruktbar meny frå kl. 18.00 (siste seating kl. 20.00) på Leikanger Fjordhotel. 3-rettar kr. 495 og 4-rettar kr. 595. Påmelding og bordbestilling på førehand til hotellet på tlf. 576 56 020.
Søndag 03. oktober
Kunstutstilling med Grete Lund Johannesen frå Galleri Vang på «Gamlehotellet» kl. 11.00-15.00
Kulturvandring til Pyttane i Njøsadalen med Systrond sogelag. Vegen vert stengd for trafikk, parkering på Kvålen. Skyss for eldre frå Kvålen kl. 12.00. Program i Pyttane med Per Steinar Melås og Knut Henning Grepstad kl. 13.00.
Vi har bålpanner på plass for dei som vil grille.Afternoon Tea kl. 13.00-17.00 (siste seating kl. 15.00) på Leikanger Fjordhotel
Pris kr. 395 eller med bobler kr. 495. Påmelding og bordbestilling til hotellet på førehand på tlf. 576 56 020.
Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar
HER KJEM OVERSIKTA OVER ALLE SOM KJEM PÅ TORGDAGEN - LISTA ER IKKJE FULLSTENDIG ENNO
Mat og drikke
Almgard Is - is og honning
Brelam - spekemat, skinn, bestilling på pinnekjøt
Frk. Engsbråten - snop og godteri
Gullbia - Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal - honning
Henjatunet Eggjagarden - jus
Herman Sushi og Thaipas - sushi og pannekaker
Inge Menes - røykt laks og aure
Kaeophila Thaimat Take Away - vårrullar
Lærdal Torg - grønsaker, poteter
Magne Opthun - eple (gul gravenstein), jus
Marianns kransekaker - kransekaker og kransekakeringar
Marås Hjort - spekepølser, hjortekjøt
Njøsagarden Kvaole - spekepølser, geiteskinn
Norane Fruktgard - Sognamost jus
Selseng Gardsysteri - ost - brun geitost og salatost
Sjur Huke - eple
Skjerdal Stølsysteri - ost - geitost
Skånaliseter Gårdsysteri - ost - 16 variantar av geitost
Undredal Stølsysteri - ost - kvit og brun geitost
Vikja - økologisk spekemat, kjøtvarer og skinn
Yada Thaimat - varmmat, grillmat
Andre varer
Emma Husabø Manin - bøker
Erling Røysum Sport 1 - sportsklede og sko
Grete Lund Johannesen - måleri
Hobbykroken T. Lægreid - naturleg kosmetikk, gele/marmelade og bilete
Ingeborg Sivertstøl og Cecilie Sørlie - Tupperware
Johanne Malene Teigen - måleri
Syrstrond Gartneri - nypressa jus, blomster, blomsterløk og lyng
Ullogsilke.no - skjerf og sjal i ull og silke
Lag og foreiningar sine aktivitetar
Ambulansetenesta
Brystkreftforeininga / Rosa Sløyfe aksjonen - informasjonsstand om brystkreft, sal av rosa sløyfe-artiklar
Leikanger barneskule - juspressing - kom med frukt, så pressar dei til deg!
Leikanger frivilligsentral - open hall
Leikanger Røde kors
Leikanger skyttarlag - laserskyting og trekking av lotteri
Leikanger ungdomslag - kaffi og kaker
Politiet
Redningsselskapets Sjøredningskorps Leikanger - Elias-båten kjem på land!
Skald Forlag - smakebitar frå haustens bokfrukter
Sogn Næring - omvising i FUS Leikanger
Sogndal rusettervern - informasjon
Systrond 1 speidargruppe - frukostklatring
Tilbod i dei lokale butikkane
Erling Røysum Sport 1 har merkevaresalg på sko og klede. Gode tilbod både i butikken og på torget.
Fjordklipp har laurdagsope den 2. oktober. Salongen fyller 10 år, og har 30 % på alle varer.
Form Frisør har laurdagsope den 2 oktober, og har 20 % på ein del varer.
Handarbeidslaget Sans og Samling - handarbeid
I Terapihuset treff du Dag Andrè Mo (massasje/nåler), Anne Liv Mæland Røysum (fotsoneterapi og øyreakupunktur) og Anna Maria Holmberg og Michael Pride (kiropraktorar). Hugs at det er lettare å forbygge enn å reparere!