Kom på midtsommarfest på Nokkaneset fredag 24. juni kl. 17!
Opplev Leikanger og Sognefjord Hotel inviterer til bål, grilling, leik og moro på Nokkaneset med god stemning til langt på natt.
Programmet startar kl. 17, og bålet vert kveikt ca. kl. 19.
Jonsokbrurepar frå barnehagane i bygda
Sognefjord Hotel sel grillmat og drikke
Ungdomsskuleelevane i “Polengruppa” sel kaker og kaffi
Leikar og underhaldning for små og store
Det største jonsokbålet langs Sognefjorden
Musikk og god stemning
Dans på Sognefjord Hotel om kvelden - ute eller inne (veravhengig)
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Hjarteleg velkomne til å nyte sumaren i lag med resten av bygda på Nokkaneset ved Sognefjord Hotel!