Gratis konsert i Leikanger kyrkje 10. juni
Vik kulturskule, Leikanger skulemusikk og Sogn kulturskule sitt Tweenskor inviterer 8.,9. og 10. juni til konsertar i Hove, Dale og Leikanger steinkyrkjer med tema mellomalderen.
Konsertane er ein del av det nasjonale landslovjubileet, og Vestland fylke si markering av 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov.
Bli med og få smakebitar av musikk, kunst og levemåten frå Magnus Lagabøte si tid, på om lag same tida då steinkyrkjene var nye. Konsertane er gratis.