Leig deg ein kajakk i båthamna!

Sogndal turlag har inngått samarbeid med båtlaget i hamna på Hermansverk. I det store flotte raudmala naustet med steinheller på taket rett ved innkjørsla til båthamna er det lagra fem havkajakkar. Desse kajakkane kan leigast.

 

Ein lyt registrere seg på nettsida til Sogndal turlag før bruk. Når ein har registrert seg får ein tilsendt ein kode som ein kan bruke for å låse opp hengelåsen. Betaling skjer med vipps til Sogndal turlag.

Det er rimelegare å leige dersom ein er medlem i turlaget. Vi oppmodar brukarane av kajakknaustet til å støtte turlaget ved å melde seg inn.

Du finn meir informasjon om dette tilbodet på Sogndal Turlag si nettside.

 

Det heng både vestar, spruttrekk, lensepumper og kajakkar i naustet i båthamna på Hermansverk no!

Alle foto: Toril Mulen

Forrige
Forrige

Fruktbare dagar 2022 - vil du vere med?

Neste
Neste

Leirdueskyting på Kleppa hausten 2022