Kunstutstilling med Åge Steinset i Villmarka
Utstillinga opnar torsdag 28. september kl. 19, og varer gjennom heile Fruktbare dagar-helga.
Åge Steinset har igjennom fleire tiår vore ein hyppig utstillar i inn- og utland, og er innkjøpt av kommunar, fylkeskommunar, kunstmuseum og offentlege institiusjonar, mellom anna Norsk Kulturråd.
Han dyrkar ulike kunstnariske uttrykk. Han er landskapsmålar, men er og oppteken av surrealistiske problemstillingar der relasjoner mellom personar er eit viktig tema. Det er gjerne også med dyr i desse bileta, men då mest for å symbolisere nokre menneskelege sider.
Under Fruktbare dagar viser han begge typar måleri.
Vekslinga mellom dei to uttrykka syter for den variasjonen han er avhengig av for å halde oppe den skapande vitaliteten . Når landskapsperioden har tørka litt inn, finn han stimulans i det indre fantasilandskapet.
Surrealismen handlar ikkje om å lage raritetar, men om å føre fantasien inn i bileta på èin fri måte. Ved det får ein større uttrykksfridom og ei meir variert kunstnerisk utfalding. Ein bryt med dei meir realistiske biletuttrykka ved å fordreie, fortette , symbolisere osb.
I landskapsmåleria er fargebruken meir spartansk med blått og grått som dominerande fargar. Særleg gjeld dette måleri med kyst og hav som motiv. I måleri med fjellmotiv blir paletten meir variert og fargerik.
Han har måla mykje fjellmotiv frå Sogn, då han budde der igjennom ein seksårsperiode. Då blei det laga mange bilete frå Aurlandsdalen og Sognefjellet, men og frå Balestrand, Luster og Leikanger.