Julegrana vert tent søndag 3. desember

Julelysa og julegrana er på plass i år også! Søndag den 3. desember kl. 16 er det offisiell opning av julegata gjennom sentrum og tenning av julegrana utanfor Saften.

Når julegrana er tent, er det klart for julesongar og nokre rundar rundt treet. Foto: Opplev Leikanger.

 

Tid og stad

Søndag 3. desember kl. 16, på Borggarden utanfor Saften

Program

  • Ordføraren tenner julegrana

  • Leikanger skulemusikk spelar

  • Krudlalaget syng

  • Gang rundt juletreet, julesongar

  • Smånissar kjem med nisseposar til dei minste

  • SYRIL har kafe i lokala til RiverDal/ Leikanger Frivilligsentral

Vel møtt alle saman!

Forrige
Forrige

Julemarknad på Knausen 9. desember

Neste
Neste

Summerred-eple finst framleis å få kjøpt!