Stor deltaking på Fruktbare Dagar 2019
Fruktbare Dagar 2019 ble ein sosial og innhaldsrik langhelg for både store og små.
Det heile starta på torsdagen med pynting av Borggarden med ivrige ungar frå barnehagane.
Om kvelden møtte det fram over 80 personar på Sognefjord Hotell, der vi arrangerte kulturminnekveld med direktøren for kulturminnefondet på plass. Kulturminneplanen for Leikanger vart også presentert og Gunnar Yttri krydra det heile med musikalske opplevingar, og vi i Opplev Leikanger serverte noko godt å bite i. (sjå eigen artikkel)
Fredag hadde Villmarka opning av kunstutstilling med over 100 besøkande, kunstnar Åge Steinset stilte ut mange flotte maleri, og den var open gjennom heile helga. Om kvelden opna Cafe Herman dørene og vi fylte lokalet med spennande smakar av ost og øl frå Skånaliseter Gardsysteri og Balder Brygg. Mange tok også ein tur på oktoberfest i festivalteltet på Borggarden.
Laurdagen starta med frukost i Saften og i år var det opp mot 500 som tok turen innom i idrettshallen får nyte ein kopp kaffi og ein god frukost. På torgdagen var det breitt utval av gode og lokale råvarer samt produkt som folkemengda kunne handla inn den dagen.
Det var ikkje berre liv på Borggarden, oppe i idrettshallen vart det full aktivitet blant dei unge med opning av “Open Hall” eit opplegg laga av Systreningen AS, og Leikanger frivillig sentral. Her fekk ungane leika frå seg på både hoppemadrass og andre aktivitetar. I biblioteket var Sparebanken Sogn og Fjordane på plass og her var det både bøssetømming og andre aktivitetar for dei små og store.
Det var flott kunst av Johanne Malene Teigen, Åse Berge og Inger Steig i ungdoms rommet og frivillig sentralen, og skyttarlaget stilte opp med laserskyting i Saftenbygget. Den siste Leikanger prisen noensinne gjekk til Røde Kors Hjelpekorps og det var ein stolt gjeng som tok imot prisen og vel fortjent. NM i plommesteinspytting var tilbake i år, og som vanleg god spytting masse humor og flott diplomar til dei beste spyttarane.
På ettermiddagen møtte kring 40 personar på vandring i vinmarka som er planta ut på Nybø, og dagen vart avslutta med fulle hus på den fruktbare festen som gjekk føre seg i Villmarka.
I år hadde vi lagt til rette saman med sogelaget ein kulturvandring i Kleppa-området. Over 100 personar møtte opp der Knut Henning Grepstad og Eirik Husabø orienterte om vårstølane på Kleppa og Orrasete, og vi fekk også eit historisk tilbakeblikk frå Lars Håkon Seim og Magne <Strand om aktiviteten til Syril i området. Vandringa vart avslutta på den gamle skihytta der speidarane hadde overnatta og selde kaffi og sveler i solskinnet utanfor hytta.
Me i Opplev Leikanger vil gjerne få takka sponsorar og alle frivillige som bidrog med å gjera Fruktbare Dagar til eit godt arrangement for svært mange.
Med Helsing frå
Prosjektleiar og styret i Opplev Leikanger
Vi vil også gi ein stor takk til våre hovudsponsorar:
Sognekraft
Lerum
Villmarka AS
Sognefjord Hotell
Sparebanken Sogn og Fjordane
Sogn Bil Skade AS og Sogn Bil og Båt
Takk også til våre Fruktbar profilerings-sponsorar :
Njøs Næringsutvikling
Sogn Kontorsenter
Amfi Sogningen
Osland Havbruk
Og takk til våre støttespelarar:
Leikanger Auto AS
Leikanger Fjord Hotel
Sogn Tavle og Datamontering AS
Leikanger næringshage
Erlings Røysum AS
Systrand Gartneri AS
Balder AS
Skald Forlag AS
Små livsgleder
Sogn røyr
Digital Etikett
Systreningen
Tobias Dahle AS