Fjordsti på Leikanger: draum eller realisme?
Den 5. februar 2024 arrangerte Opplev Leikanger eit temamøte der draumar om ein fjordsti i Leikangersamfunnet stod på dagsorden. Rundt 50 deltakarar var med på samlinga. Her kjem ei oppsummering av idemyldringa.
På Leikanger blir vi ikkje pensjonistar, men mosjonistar. Dette ligg i sjela vår på Leikanger!
Inspirerande innleiing
Mari Aune hadde ei fin innleiing, der ho la vekt på å opne opp tankane og refleksjonane til dei frammøtte om kva ein eventuell fjordsti kan bety for innbyggarane og dei besøkande til lokalsamfunnet vårt.
Kva har vi å bygge på, korleis kan vi utvikle dei lommene som gir tilgang til fjorden i dag?
Ho kom også inn på hindringar og dilemma knytt til ein eventuell fjordsti, og avslutta med sjå på fjordsti kopla til tettstadutviklinga på Hermansverk.
Gruppearbeid
Resten av kveldsøkta jobba dei frammøte i grupper og fekk i oppgåve både å tenka langt fram, og samstundes sjå på moglegheiter for ting som kan gjerast med ein kortare tidshorisont.
Plenumsrunde
Avslutningsvis delte alle bordvertane det som hadde vore diskutert i gruppene. Nokre moment gjekk att, og det kom fram mange heilt konkrete tankar om tiltak som både kan gjerast med det same eller litt fram i tid. Målet med denne kvelden var også å gje rom for draumar og kreative tankar i det framtidsbildet vi leika med fram mot 2040.
Oppsummert
Innspela vil bli sendt vidare til administrasjonen og dei politiske partia i Sogndal kommune.
Vi håpar at det blir teke med vidare inn i kommunen sitt arbeid både med framtidige revideringar av samfunnsdelen av kommuneplanen og arbeidet med arealplanen som snart skal til handsaming i kommunestyret.
Idear som myldra fram
Her er hovudtrekka i det som vart delt i plenum frå diskusjonen ved dei ulike gruppeborda:
Bruk det som er, og kople det saman. Alt må ikkje vere nede ved fjorden, man kan kople saman dei ulike punkta langs fjorden
Viktig med aktivitetssoner undervegs: leikeplassar, bademoglegheiter, grillplassar, m.m.
Kople saman begge sidene av riksvegen med trygge overgangar/undergangar
Oppgrader punkta ved fjorden:
Rust opp Pilaviki
Oppgrader fjordkontakten i sentrum, slik at man kjem ned til fjorden
Noko ikonisk; stilig «instagram-spot» undervegs. Noko du berre må få med deg når du er i Leikanger
«Offentleg frukthage» undervegs, der denne kunne plantast ut langs deler av fjordstien
La folk bruke dei lommene vi allereie har. Sørg for at ingen treng tvila på at dette er offentlege område. Gjer områda endå meir tilgjengeleg for ålmenta
Oppgrader nokre punkt som er attraktive for turistar og tilreisande
Kople fjorden saman med elvene og passasjar opp mot fjellet
Lag ein allè – med bruk av t.d. frukttre
Eit raskt tiltak: det må vera mogleg å få til ein trase frå DIGDIR til ungdomsskulen langs fjorden på nedsida av prestegarden
Knyt saman Hanehaug – fruktlageret – Hamre (rundtur)
Behald naturleg preg på områda undervegs. Ikkje behov for å gjere alt tilgjengeleg og «polert»
Legg til rette for varierte leikeaktivitetar undervegs
Spektakulære bruer over Njøsaelvi og Henjaelvi!!?
Ta vare på og legg meir tilrette på fylkesmannsgarden og strandområdet der
Kajakknaust som punkt undervegs
Begynn med realisme: utvikle det som er, og gjer det lettare tilgjengeleg
På lang sikt: samanhengande tur frå Verken til Båthamna
Vinbar i Husabø i Strandavegen som punkt undervegs
«Liv i fjorden» - kunnskapsformidling som punkt undervegs, i samarbeid med t.d. ViteMeir og høgskulen
Undersjøisk restaurant og kunnskapssenter
Kunstinstallasjonar undervegs
Utvikle sentrum. Opne dette mot fjorden. Kanskje amfi mot fjorden? Kai-område ved sentrum?
Samanhengande turløype frå Nokkanes – via Pilaviki – langs fjorden rundt Mesta og Essoen - bru over Njøsaelvi og sentrum på Hermansverk
“Rydd litt opp” i Strandavegen: fortau, benkar og betre tilrettelegging
Oppgradert Pilaviki for bading
Fleire punkt er allereie offentleg tilgjengelege. Desse bør gjerast betre tilgjengelege og synlege
Grill-plassar undervegs
Pass på å ikkje bygg ned dei friområda som er per i dag: Nybø og spesielt ungdomsskulen er viktig som friområde
Tur-runde i sentrum på Hermansverk: samanhengande tur langs fjorden, knyt denne samen med gangvegen slik at det blir en runde
Samarbeid med hotella og sjå potensialet i å utvikle dette meir i reiselivssamanheng
Sogndal kommune skal ha den finaste fjordstien i heile Norge, frå Fiksnes til Valbrekka
2040: heil strandsti frå Hanehaug til båthamna
Bevar det flotte området frå Njøsaelvi til Kroi
Sjå på heilskapen mellom Knausen til Nybø
Aktivitetspunkt for folk i ulike livsfasar - funksjon
Integrer elvar og elveosar i samanheng med stien langs fjorden
Sjå samanhengen med framtidig fjordsti mot sentrumsutviklinga
På Leikanger blir vi ikkje pensjonistar, men mosjonistar. Dette ligg i sjela vår på Leikanger
«Fjordleir» på tinghustomta - ein stad du kan kome ned til fjorden og oppleva nærleik til fjorden
Strandavegen blir brukt som fjordsti dag. Den er fin, men kan trenge opprusting/rydding
Gangveg frå Tinghus til ungdomsskulen, utan å øydelegge prestegarden, er ei «lågthengande frukt» for å binde saman to lommer
Samanhengande sti/passasje frå Hanehaug til Båthamna via Strandavegen, nedom ungdomsskolen, Tinghus og Digdir inn til Nybø. Dette er ei «meir høgthengande frukt»
Ikkje sikkert vi skal kalle prosjektet «fjordsti», men finne eit anna namn som er vårt. Fjordstien er forbunde med prosjektet i Sogndal
Vi bør bruke namnet Leikanger og ikkje Systrond: Leikanger betyr «Slette ved fjorden»