Det blir frimerkeauksjon under Fruktbare dagar
Ei stor frimerkesamling (to fulle koffertar) etter sokneprest Sverre Daae, vert auksjonert bort i regi av Leikanger sokneråd.
Kvar kjem frimerkene frå?
Sverre Daae (1890-1968). Han var sokneprest i Leikanger til 1960 og testamenterte mellom anna ei frimerkesamling til Klokkargarden (Kyrkjelydshuset). Daae døydde i 1968. Frimerkesamlinga blei oppbevart i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale, fram til filialen på Hermansverk vart nedlagt i 2017.
Soknerådet har bestemt seg for å selje samlinga, og det vert auksjon under Fruktbare dagar. Heile samlinga vert seld under eitt.
Tid og stad?
Tid: Laurdag 6. oktober etter utdeling av Leikangerprisen, kl 1445.
Stad: Frimerkesamlinga vert utstilt og auksjonen halden i lokala til Cafe Herman (kjellaren i Gamlehotellet, Riverdalen 1). Lokala opnar kl 11.00, for dei som ynskjer å sjå nærare på samlinga før auksjonen.
NB! Det er laga lister over dei dyraste/mest spennande merka, og dei som ynskjer å få tilsendt kopi av desse listene før auksjonen kan ta kontakt med soknerådsleiar Bjørg Anda: bjorganda@gmail.com eller 476 76 893.