Bli med på årsmøtet 23. januar

Opplev Leikanger held årsmøtet 23. januar kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.

 Bli med på å bidra til korleis de meiner Opplev Leikanger skal jobba og utviklast vidare for lokalsamfunnet og inn mot ein ny kommune.

Innkomne saker til årsmøte sendast inn til opplevleikanger@gmail.com før 21. januar Kl.08.00, slik at vi kan få sendt ut dette til medlemene før folk kjem på årsmøte.  

Sakliste

  1. Godkjenning av innkalling og  saklista

  2. Val av møteleiar og referent

  3. Årsmelding 2018

  4. Rekneskap 2018

  5. Aktivitetsplan 2019

  6. Innkomne saker

  7. Kontingentsatsar

  8. Val

Leikanger som tur- og vandringskommune

Leikanger-fjella har mange brukte og ubrukte stiar og ferdselsvegar. Odd Arve Rakstad har vore sti-engasjert og aktiv i arbeidet med å utføre og legge til rette for merking og av både kjende og mindre stiar i Leikangerfjella gjennom fleire år Han vil gi oss ei orientering  kva som er gjort i fjellet dei siste åra.

Samstundes vi han også gi nokre tankar om korleis vi her i Leikanger kan bli endå betre på å legge til rette for vandring i Leikanger både på kortare og lengre turar.  

Vi ynskjer alle medlemer hjarteleg velkomen og gjerne med ein eller fleire på ein spennande kveld på Sognefjord Hotel.  

VEL MØTT!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Leikanger Jakt-og Fiskelag startar opp med jegerprøven i mars

Neste
Neste

Velkommen til førjulsmarknad laurdag 24. november