Velkomen på årsmøte onsdag 9. juni kl 19!
Vi held årsmøte i Opplev Leikanger og inviterer til ope møte om fjellområda våre den 9. juni 2021 på Leikanger Fjord Hotel Kl. 19.00.
Årsmøte - Sakliste
1. Godkjenning av innkalling og saklista
2. Val av møteleiar og referent
3. Årsmelding 2020 (sjå vedlegg)
4. Rekneskap 2020 (sjå vedlegg)
5. Innkomne saker
6. Kontingentsatsar
7. Val
Årsmøtedokumenta er sendt ut til alle medlemmer på e-post.
Ope møte: Korleis utnytta naturressursane våre i den nye kommunen? Med hovudvekt på fjellområda i Leikanger
Skal Sogndal ha ein varig plass i «natur- eliteserien» regionalt, nasjonalt og internasjonalt?
Ønskjer vi at Sogndal vert eit utviklingslokomotiv for tilrettelegging av naturressursane? Kva meiner politikarane våre, kommunen sin administrasjon, næringslivet og andre aktørar om slike spørsmål? Dette står sentralt på møte der vi drøftar dette i samanheng med at vi no avsluttar anleggsverksemda i Grindsdalen/Huksdalen og Henjadalen. Dersom vi skal legga til rette for meir utfart i desse områda, må det truleg gjerast medan det er anleggsressursar til stades som kan gjere jobben.
Vi treng samarbeid for å sikre god tilrettelegging, som grunnlaget for opplevingar i framtida. Vil kommunen, grunneigarane, næringslivet eller andre ta initiativ til dette ?
Vi har fått med eit panel på fire personar. Det er Marit Henjum Halsnes – sauebonde og turistvertinne og grunneigar på Henjatunet, Per Hauge, leiar Syril og grunneigar på Huke, Ordførar Arnstein Menes og tenesteleiar for samfunn og næring i Sogndal kommune Joakim Systaddal. I tillegg vil representant for styret i Opplev Leikanger vere med i panelet.
Ordstyrar for det opne møtet er Knut Henning Grepstad.
Påmelding
Med bakgrunn i corona-situasjonen må vi ha påmelding til møtet. Det gjer de direkte til Leikanger Fjord Hotel på tlf: 57 65 60 20 eller e-post: post@leikangerfjordhotel.no
Vel møtt alle saman - både årsmøtet og det opne møtet er ope for alle. Ta gjerne med naboen eller ein du kjenner 😊