Velkomen på årsmøte 2. mars!
Vi held årsmøte i Opplev Leikanger og inviterer til ope møte om korleis gjere Saften (både inne og ute) til ein endå viktigare sosial møteplass i framtida, torsdag den 2. mars kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.
Både årsmøtet og det opne møtet er ope for alle. Alle betalande medlemmer har stemmerett på årsmøtet.
Årsmøte
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og saklista
Val av møteleiar og referent
Innkomne saker
Kontingentsatsar
Val
Saker som skal takast opp på årsmøtet (pkt. 5), må meldast inn til styret innan torsdag 23. februar.
Årsmøtedokumenta vert sendt ut til alle medlemmer på e-post.
Ope møte: Korleis gjere Saften inne og ute til ein endå viktigare sosial møteplass i framtida?
Administrasjonen i Sogndal kommune skal flytte inn i Saften. I samband med dette skal andre fasilitetar også oppgraderast. Me håpar at Saften kan bli ein endå viktigare sosial møteplass i framtida. Samstundes ønskjer kommunen å gjere området rundt Saften grønare, meir inkluderande og meir aktiviserande.
Korleis kan me leggje til rette for meir liv og røre i og utanfor Saften saman med innbyggjarane? For å finne ut av det treng me å samspela med systrendingane.
Vi har fått med oss Torkjel Kristiansen Solbraa og Tage Rickard Sundell frå Sogndal kommune til å innleie dialogen mellom bygda og kommunen.
Hjarteleg velkomne på torsdag 2. mars, alle saman - og ta gjerne med naboen, eller andre du kjenner! 😊